Historisk arkiv

Fritak frå kjeldeskatt på utbytte til personar busett innan EØS-området

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

6/2005

Regjeringa legg i dag fram forslag om at personlege aksjonærar busett i EØS skal få fritak for kjeldeskatt på utbytte utdelt frå norske selskap i 2005. Det same gjeld renter av grunnfondsbevis. (18.02.2005)

Pressemelding

Nr.: 6/2005
Dato: 18.02.2005
Kontaktperson: Runar Malkenes, telefon 22 24 41 09 / mobil 95 21 42 83, Anders Lande, telefon 22 24 41 05 / 48 05 33 51

Fritak frå kjeldeskatt på utbytte til personar busett innan EØS-området

Regjeringa legg i dag fram forslag om at personlege aksjonærar busett i EØS skal få fritak for kjeldeskatt på utbytte utdelt frå norske selskap i 2005. Det same gjeld renter av grunnfondsbevis.

Bakgrunnen for forslaget er at EØS-avtalen nå må tydas slik at artikkel 40 ikkje tillet den ulike handsaminga i høvet mellom norske og utanlandske aksjonærar som kjeldeskatten inneber. Denne tydinga følgjer av EFTA-domstolen sin uttale 23. november 2004. I Ot.prp nr. 1 (2004-2005) vart det varsla at departementet ville vurdere endringar når spørsmålet om denne tydinga vart avklart.

Endringa gjeld heile inntektsåret 2005, slik at personlege aksjonærar i EØS som mottek utbytte utdelt frå og med 1. januar 2005 slepp å svara kjeldeskatt. Det er likevel slik at selskap som deler ut utbytte før endringa trer i kraft, må trekkje kjeldeskatt.

Aksjonærar som godtgjer at dei fyller vilkåra for fritak, og som mottek utbytte som det er trekt kjeldeskatt i, kan krevje skatten attende frå norske skattestyresmakter.

Når endringa trer i kraft, kan selskapet la vere å trekkje kjeldeskatt, men berre dersom aksjonæren godtgjer overfor selskapet at han fyller vilkåra for fritak. Har selskapet trekt, men ikkje betalt inn beløpet til styresmaktene når endringa trer i kraft, kan selskapet og aksjonærar med rett til fritak gjere opp seg i mellom.

Tilsvarande gjeld for renter på grunnfondsbevis.

Departementet arbeider med tilpassingar i aksjonærmodellen slik at den oppfyller dei krava som EØS-avtalen stiller i høve til personlege aksjonærar busett i EØS som mottek utbytte frå norske selskap i inntektsåret 2006 og framover.

Sjå meir om forslaget i St.prp. nr. 41 (2004-2005) Om endring i Stortingets skattevedtak for inntektsåret 2005 (kjeldeskatt på utbytte).