Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2004 lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

21/2005

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2004 vart 746,4 milliardar kroner, medan utgiftene vart 622,2 milliardar kroner. Det syner stortingsmeldinga om statsrekneskapen for 2004, som vert lagt fram i dag. (29.04.2005)

Pressemelding

Nr.: 21/2005
Dato: 29.04.2005
Kontaktpersonar: Budsjett: Morten Baltzersen, telefon 22 24 43 03 / 97 78 74 86.
Makro/petroleumsfondet: Nina Bjerkedal, telefon 22 24 45 00 / 48 09 96 84.

Statsrekneskapen for 2004 lagt fram

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2004 vart 746,4 milliardar kroner, medan utgiftene vart 622,2 milliardar kroner. Det syner stortingsmeldinga om statsrekneskapen for 2004, som vert lagt fram i dag. Netto inntekter frå oljeverksemda vart 203,4 milliardar kroner. Det oljekorrigerte underskotet vart dermed 79,2 milliardar kroner.

Det oljekorrigerte underskotet vart 79,2 milliardar kroner i 2004. Det vart i samband med nysalderinga av statsbudsjettet vedteke at 80,7 milliardar kroner av petroleumsinntektene skulle førast til inntekt på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit overskot på 1,5 milliardar kroner.

Dei samla inntektene utanom oljeinntekter og lånetransaksjonar vart 0,9 milliardar kroner høgare i rekneskapen enn i nysalderinga. Skatte- og avgiftsinntektene vart 2,9 milliardar kroner lågare, medan renteinntekter og aksjeutbyte vart 0,2 milliardar kroner høgare. Andre inntekter er auka med til saman 3,6 milliardar kroner, der 1,6 milliardar kroner gjeld refusjonar for mellom anna utgifter knytte til arbeidsmarknadstiltak, lønn under sjukdom og fødsels- og adopsjonspengar.

Dei samla utgiftene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar vart netto 0,5 milliardar kroner lågare enn i nysalderinga. Dette har mellom anna si årsak i reduserte utgifter under folketrygda med 2,3 milliardar kroner og renteutgiftene som gjekk ned med 1,2 milliardar kroner. Utgiftene auka med 4,1 milliardar kroner, der 1,6 mrd. kroner er utgifter knytt til refusjonar som er omtalt ovanfor.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet, der den oljekorrigerte budsjettbalansen mellom anna vert korrigert for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale og endringar i rekneskapstilhøve, vart i 2004 58,8 milliardar kroner.

Den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet frå 2003 til rekneskapen for 2004 utgjer om lag 2 prosent. I overslaget i revidert budsjett 2004 vart den underliggjande reelle veksten i utgiftene rekna til 2¼ pst, medan den i nysalderinga vart rekna til 2¾ prosent.

Rekneskapstala for Statens petroleumsfond syner at netto inntekter frå oljeverksemda vart 203,4 milliardar kroner. Av desse vart 80,7 milliardar kroner ført tilbake til statskassa, slik Stortinget vedtok ved nysalderinga av 2004-budsjettet. Renteinntektene og utbyte i fondet vart 33,3 milliardar kroner. Overskotet i Statens petroleumfond vart dermed 155,9 milliardar kroner. Det samla overskotet i statsrekneskapen og Statens petroleumsfond vart 157,4 milliardar kroner.

Bokført verdi av kapitalen i fondet auka med 164,5 milliardar kroner, frå 847,0 milliardar kroner per 31.12.2003 til 1 011,5 milliardar kroner per 31.12.2004. Av auken i kapitalen i fondet utgjer overskotet i fondet 155,9 milliardar kroner. I tillegg bidrog sal av Statoil aksjar til å auke fondet med 9,8 milliardar kroner, medan netto kursgevinstar og -tap reduserte fondet med 1,3 milliardar kroner.

Statsrekneskapen inneheld ein omtale av hovudtrekka i budsjettpolitikken for 2004, endringar frå budsjett til rekneskap, omtale av inntekter og utgifter og statens kapitalrekneskap.

Tal i mill. kroner

Hovudtal for statsrekneskapen 2004

Saldert budsjett

Nysaldert budsjett

Rekneskap

1. Statsbudsjettet

Inntekter i alt

698 133

752 143

746 408

Inntekter frå petroleumsverksemd

164 533

228 742

222 068

Inntekter utan petroleumsinntekter

533 600

523 401

524 341

Utgifter i alt

622 412

624 581

622 247

Utgifter til petroleumsverksemd

21 060

20 453

18 661

Utgifter utan petroleumsverksemd

601 352

604 128

603 587

Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot

-67 752

-80 727

-79 246

+ Overført frå Statens petroleumsfond

67 752

80 727

80 727

= Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar

0

0

1 481

2. Statens petroleumsfond

Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, vert overført til Statens petroleumsfond

143 473

208 289

203 407

- Overført til statsbudsjettet

67 752

80 727

80 727

+ Renteinntekter og utbyte i fondet

30 200

34 700

33 255

= Overskot i Statens petroleumsfond

105 921

162 262

155 935

3. Samla overskot på statsbudsjettet og i Statens petroleumsfond

105 921

162 262

157 417