Historisk arkiv

Lågare avgifter til strukturfond og mattilsyn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Næringa får mindre avgifter å betale komande år i følgje framlegget til statsbudsjett, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen. (14.10.05)

Pressemelding

Nr.: 69/2005
Dato: 14.10.2005
Kontakt:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40/ 90 02 44 46
Seniorrådgjevar Raymond Jenssen 22246417/ 91829918

Lågare avgifter til strukturfond og mattilsyn

- Næringa får mindre avgifter å betale komande år i følgje framlegget til statsbudsjett, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen.

Regjeringa ønskjer å endre strukturfondet for flåten ved å ta ut fartøy mellom 10 og 15 meter og i staden tilby denne fartøygruppa ei strukturkvoteordning. Det betyr at behovet for nye midlar til strukturfondet vert redusert til ca 10 millionar kroner i 2006.

- Halvparten av dette dekker fiskerinæringa gjennom strukturavgifta, og vi gjer framlegg om å redusere strukturavgifta frå 0,35 til 0,05 prosent av førstehandsverdien av fiskeria. Det inneber ein avgiftslette for næringa på ca 30 millionar kroner, seier Svein Ludvigsen.

I tillegg vert avgifter og gebyr til Mattilsynet redusert med om lag 50 millionar kroner totalt. Dette omfattar også fiskeri- og havbruksnæringa som får ein avgiftslette med ca 6 prosent av noverande avgifter og gebyr til Mattilsynet.