Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Foreslår generelt forbod mot kloning av dyr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Helsedepartementet

Regjeringa legg i dag fram forslag til lov om endringar i genteknologiloven med eit generelt forbod mot somatisk kloning av virveldyr og krepsdyr.

Pressemelding

Nr.: 33
Dato: 09.05.03

Foreslår generelt forbod mot kloning av dyr

Regjeringa legg i dag fram forslag til lov om endringar i genteknologiloven med eit generelt forbod mot somatisk kloning av virveldyr og krepsdyr.

Forslaget omfattar totalt forbod mot kloning av apar og halvapar, men gjev høve til å søkje om dispensasjon frå eit generelt forbod mot kloning av andre virveldyr og krepsdyr. Dispensasjon kan berre gjevast for biologisk og medisinsk grunnforsking og for medisinsk verksemd når formålet med slik verksemd er å komme fram til nye behandlingsmåtar og førebyggjande tiltak for menneske og dyr. Det skal være ein rimeleg balanse mellom dyreetiske omsyn og forventa nytte.

- Regjeringa tek utgangspunkt i konsekvensetiske vurderingar når bruken av kloningsteknikkar på dyr skal regulerast. Dette inneber ei etisk restriktiv linje, men avgrensingane på bruken av teknologien skal vegast opp mot mogelege positive bruksmåtar for menneske og dyr, seier helseminister Dagfinn Høybråten. Dette er i samsvar med dei synsmåtane som ligg til grunn for anna regulering på genteknologiområdet.

Forbod mot kloning av menneske blei innført i samband med endringar i lov om medisinsk bruk av bioteknologi i 1998.

Når det gjeld verknader for forskingsmiljøa og næringslivet, vil forslaget innebere ei avgrensing i høve til aktørar som driv tilsvarande verksemd i andre land. Med unnatak av Danmark er ikkje kloning av dyr særskilt regulert i andre land. Heller ikkje EU har vedteke føresegner som inneber særleg regulering av kloning av dyr.

Til toppen