Historisk arkiv

Ny utgreiing foreslår utdanningsstandardar for akupunktur og homøopati

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) fekk nyleg overlevert ei utgreiing om utdanningar i akupunktur og homøopati.

Pressemelding

Nr.: 71
Dato: 10.11.04

Ny utgreiing foreslår utdanningsstandardar for akupunktur og homøopati

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) fekk nyleg overlevert ei utgreiing om utdanningar i akupunktur og homøopati. Sosial- og helsedirektoratet (SHdir) har laga utgreiinga på oppdrag frå departementet. Oppdraget gjekk ut på å omtale eksisterande utdanningar i akupunktur og homøopati, og tilrå endringar for at utdanningane skal samsvare med internasjonale retningslinjer og med krava til norske helsefagutdanningar på same nivå.

I utgreiinga blir det foreslått standardiserte utdanningar i både akupunktur og homøopati. Det er forslag om fireårige heiltidsstudiar, organisert som treårig bachelor (BA) med eitt års påbygging for begge terapiformene. For akupunktur skil utgreiinga mellom utdanningskrav for utøvarar som også er autorisert helsepersonell (på BA-nivå) og dei som ikkje er det. Det er forslag om mindre krav til helsepersonell som vil bruke akupunktur i det vanlege arbeidet sitt.

I utgreiinga er det ikkje teke stilling til spørsmål om offentleg godkjenning (autorisasjon). Det var heller ikkje ein del av mandatet.

Utgreiinga blir sendt på høring til alle relevante høringsinstansar.

Utgreiinga er ein del av myndigheitene sitt arbeid for å betre pasienttryggleiken ved bruk av alternativ behandling. Utgreiinga er tilgjengeleg på heimesida til Sosial- og helsedirektoratet: www.shdir.no.

Kontaktperson: Gry Sagli, tlf. 22248697