Historisk arkiv

Ny lov skal gi tryggare kosmetikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Helse- og omsorgsdepartementet

- Med ei ny kosmetikklov skal vi auke tryggleiken til brukaren, mellom anna gjennom nye krav til at helsepersonell skal melde biverknader til eit nytt meldesystem. Vi legg og vekt på å redusere bruken av dyr i uttesting av nye produkt, seier helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen (13.05.05)

Pressemelding

Nr.: 29
Dato: 13.05.05

Ny lov skal gi tryggare kosmetikk

- Med ei ny kosmetikklov skal vi auke tryggleiken til brukaren, mellom anna gjennom nye krav tilat helsepersonell skal melde biverknader til eit nytt meldesystem. Vi legg og vekt på å redusere bruken av dyr i uttesting av nye produkt, seier helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen.

Forslaget til ny kosmetikklov, som blei lagt fram i dag, omfattar fleire nye produktkategoriar, og tar omsyn til at kosmetikkmarknaden er i stadig utvikling. Dei siste åra har ein til dømes fått produkt til permanent sminke og produkt som blir ført ned i hudlaga for mellom anna å rette ut rynker. Det har og kome fleire produkt på marknaden som er meinte for dyr. Utfordringa er å sikre at regelverket reflekterer denne utviklinga, slik at ein tek omsyn til tryggleiken til brukarane.

I forslag til ny kosmetikklov er det foreslått at produkt til utvortes bruk som skal lindre, kurere eller førebyggje helseplager som ikkje kjem av sjukdom, blir regulerte i den nye kosmetikklova.

Det blir foreslått at det kan bli stilt krav om at produkta ikkje skal vere testa på dyr. Dette er ei oppfølging av eit nytt EU-direktiv om testing på dyr.

For at styresmaktene skal få eit best mogleg grunnlag for både å vurdere dei helsemessige sidene ved bruk av kosmetikk generelt og dei spesifikke helseproblema ved enkeltprodukt, er det viktig at også legar, tannlegar og veterinærar melder frå om biverknader til det nye meldesystemet for kosmetikk, som Mattilsynet skal drive. Det er foreslått at det i forskrift kan stillast krav til helsepersonell om å rapportere til dette meldesystemet.

Strafferamma for brot på lova er foreslått auka til eitt år. Forslaget til dei andre materielle føresegnene vidarefører rettstilstanden i dag, men innafor ei meir heilskapleg ramme enn den gamle lova.

Kontaktpersoner:
Seniorrådgiver Tove Løken, 22 24 84 27
Førstekonsulent Jan Henrik Nielsen: 22 24 87 72