Historisk arkiv

Innføring av lokaldemokrati i Longyearbyen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Frå årsskiftet skal det innførast lokaldemokrati i Longyearbyen. Da trer det nye organet Longyearbyen lokalstyre i funksjon. Det tidlegare Svalbardrådet vert da avvikla. I statsråd i dag vart eit av mange formelle skritt på vegen mot innføring av lokaldemokrati teke. (14.12.2001)

Pressemelding

Nr.: 137-2001
Dato: 14.12.2001
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef i Polaravd. Torodd Veiding, tel: 22 24 60 00

Innføring av lokaldemokrati i Longyearbyen

Frå årsskiftet skal det innførast lokaldemokrati i Longyearbyen. Da trer det nye organet Longyearbyen lokalstyre i funksjon. Det tidlegare Svalbardrådet vert da avvikla. I statsråd i dag vart eit av mange formelle skritt på vegen mot innføring av lokaldemokrati teke.

Regjeringa vedtok i statsråd i dag fleire endringar i forskrifter som vil gje det nye lokalstyret i Longyearbyen fullmakter på område som tidlegare har lege til sentrale og lokale statlege myndigheiter.

Også elles i forvaltninga vert det i løpet av desember treft avgjerder i form av nye forskrifter, endringar i forskrifter og vedtak om delegasjon. Til saman gjer desse at Longyearbyen lokalstyre får dei nødvendige fullmaktene til å utøve myndigheit på lokalt nivå og innafor sitt myndigheitsområde. Dette gjeld mellom anna barnevern, brannvern, helseråd og andre oppgåver som elles på fastlandet ligg til kommunane.