Historisk arkiv

Branntryggleik i omsorgsbustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

8 av 10 bygningar med bustader for pleie- og omsorgsformål ikkje har tilfredsstillande brann- tryggleik. Dette kjem fram i ei undersøking gjennomførd etter initiativ frå fleire departement.

Pressemelding

Nr.: 79 - 2003
Dato: 11.11.2003

Auka fokus på branntryggleik i omsorgsbustader

Ei undersøking som er gjennomførd etter initiativ frå fleire departement avdekker at 8 av 10 bygningar med bustader for pleie- og omsorgsformål ikkje har tilfredsstillande branntryggleik. Eigar av bygg har, etter brann og eksplosjons-vernlova, ansvar for at branntryggleiken er tilfredsstillande.

Husbanken gir lån til brannteknisk utbetring av omsorgsbustader, og har nyleg skjerpa reglane for kva som er tilfredsstillande tryggleik. Byggereglane krev særskilte tiltak i bustader for personar med pleie- og omsorgsbehov, men mange stader er ikkje regelverket fylgt godt nok opp. Grunnen er at det i mange tilfeller dreier seg om ordinære bustader der bebuarane i utgangspunktet ikkje hadde særskilt omsorgsbehov.

Staten har òg gjennomførd landsomfattande konferansar og utarbeidd opplæringsopplegg for brannvesen og pleie- og omsorgspersonell. I tillegg vil staten fokusere på branntryggleik gjennom kompetansetiltak retta mot leiarar og personell i pleie- og omsorgssektoren. Opprusting av gammal bygningsmasse og nybygg dei siste åra har gjeve betre branntryggleik både i sjukeheimar og omsorgsbustader. Likevel syner undersøkinga at dei som eig omsorgsbustadene ikkje fullt ut har teke konsekvensen av funksjonsnivået til bebuarane.

Rapporten ”Branntryggleik i omsorgsbustader” vert sendt til alle kommunar for handsaming og oppfølging. – Alle som har vore med på undersøkinga har vore helde orienterte om kartlegginga, og vi reknar med at fleire eigarar er i full gang med å betre tilhøva, seier leiar av arbeidsgruppa Terje Olav Austerheim, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

I alt omfatta undersøkinga i overkant av 2300 bygningar eigde av kommunar, burettslag eller private aktørar. Av desse var det meir enn 1.800 bygningar med over 16.000 bebuarar som ikkje kan seiast å ha tilfredsstillande branntryggleik. Mange av bustadane vil få eit forsvarleg nivå ved å installere alarm og sprinklar- eller vasståkeanlegg. Årsaka til manglande branntryggleik er at det ikkje er teke nok omsyn til at desse bustadane skal nyttast av personar som kjem i den situasjon at dei treng assistanse ved rømming. Oftast er det kommunar og burettslag, men i nokre høve også private utbyggjarar, som er eigarar av bustader for personar med pleie- og omsorgsbehov. Bygningar oppførde før 1997, etter gammalt regelverk og før handlingsplanen for eldreomsorga med tilhøyrande tilskotts-ordningar, har jamt over dårlegare brannteknisk standard enn bygningar som er oppførde seinare.

Det er i første rekkje plan- og bygningslova og brann- og eksplosjonsvernlova som fastsett tryggleiksnivået og gir brenntekniske organisatoriske føringar for nye og eksisterande bygningar. Det ligg òg klare retningsliner frå Husbanken, som har delfinansiert mange av dei bygningane som vert nytta for å vareta pleie- og omsorgsbehov.

Det dåverande Sosial- og helsedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet sette vinteren 2002 ned ei arbeidsgruppe som mellom anna skulle sjå på praktiseringa av det gjeldande regelverket.

Arbeidsgruppa vart sett saman av representantar frå Direktoratet for brann- og eltryggleik (som saman med Direktoratet for sivilt beredskap er blitt Direktoratet for samfunns-tryggleik og beredskap), Sosial- og helsedirektoratet, Statens bygningstekniske etat og Husbanken. Den praktiske gjennomføringa skjedde i nært samarbeid med dei kommunale brannvesen og kommunane sine pleie- og omsorgstenester.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap ligg etter opprettinga 1.september 2003 under Justis- og politidepartementet. Rapporten er difor gjeve til Justisdepartementet, som også har sendt den vidare til dei departementa som sette ned arbeidsgruppa.

Les rapporten ”Branntryggleik i omsorgsbustader”

Kontaktperson:

Leiar av arbeidsgruppa Terje Olav Austerheim: 33 41 26 20 / 91 78 01 51

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap