Historisk arkiv

Bruk av lydbandopptak ved politiavhøyr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Politiet må få høve til å nytte lydopptak på per-manent basis ved politiavhøyr, foreslår Styrings-gruppa for bruk av lydopptak. Gruppa meiner lydopptak vil styrke politiavhøyret som bevis, og gjere kvaliteten på sjølve avhøyret betre.(30.09)

Pressemelding

Nr.: 73 - 2003
Dato: 30.09.2003

Bruk av lydbandopptak ved politiavhøyr

Politiet må få høve til å nytte lydopptak på permanent basis ved politiavhøyr, foreslår Styringsgruppa for bruk av lydopptak. I tilrådinga til Justisdepartementet legg styringsgruppa stor vekt på at bruk av lydopptak vil styrke politiavhøyret som bevis , samstundes som bruk av lydopptak vil gjere kvaliteten på sjølve avhøyret betre.

Prosjektet for bruk av lydopptak under politiavhøyr starta i 1998. Det har gått som lokale prosjekt ved Økokrim, Nordmøre (og Romsdal) politidistrikt og Narkotikaseksjonen ved Oslo politidistrikt. Frå 2000 vart prosjektet utvida til også å omfatte Kriminalpolitisentralen, i tillegg til eit eige prosjekt for videoopptak ved Oslo politidistrikt.

Prosjektet for bruk av lydopptak ved politiavhøyr kom i stand etter ein førespurnad frå Forsvarergruppen av 1977 som mellom anna viste til dei mange problema som er knytta til gjennomføring, protokollering og seinare bruk av avhøyr av den sikta. Lydopptak er også tatt i bruk som metode i einskilde andre land og er tilrådd bl. a. av Den europeiske komitéen mot bruk av tortur og inhuman eller nedverdigande behandling (CPT).

Avdelingsdirektør Magnar Aukrust, Justisdepartementet, har leia styringsgruppa som også har hatt representantar frå Riksadvokatembetet, Politidirektoratet, Økokrim, Kriminalpolitisentralen, Politihøgskolen, Politiets datateneste, i tillegg til dei tilsette sine organisasjonar i politiet. Spesialetterforskar Asbjørn Rachlew, Oslo politidistrikt, har vore prosjektkoordinator.

Styringsgruppa tilrår mellom anna at lydopptak som metode skal inngå i undervisninga ved Politihøgskolen, og at det skal leggjest til rette for at alle politidistrikta og politiorgana med etterforskingsoppgåver kan bruke lydopptak.

Kontaktperson: Underdirektør Magnar Aukrust, tlf. 22 24 52 50.

Sjå tilrådingane frå styringsgruppa og prosjektrapporten.

(Dette dokumentet er lagret som en PDF-fil. For å kunne lese denne må du ha installert Adobe Acrobat Reader på din maskin.
Programmet er gratis og kan lastes ned fra

http://www.adobe.com/prodindex/acrobat/readstep.html)