Historisk arkiv

Komite tilrår sterkare vederlagsvern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Sjølovkomiteen tilrår i ei utgreiing at Noreg gjennomfører ein internasjonal konvensjon om ansvar og vederlag for skade i samband med sjøtransport av farleg og skadeleg stoff. (02.11)

Pressemelding

Nr.: 76 – 2004
Dato: 02.11.2004

Sterkare vederlagsvern ved sjøulykker med farleg gods

Sjølovkomiteen tilrår i ei utgreiing at Noreg gjennomfører ein internasjonal konvensjon om ansvar og vederlag for skade i samband med sjøtransport av farleg og skadeleg stoff (HNS-konvensjonen). Utgreiinga vart overlevert justisministeren i dag.

HNS-konvensjonen vil styrke stillinga til den skadelidne ved sjøulykker med skip som fraktar farleg gods.

– Ulykker med farleg gods har stort skadepotensial, i første rekkje med tanke på personskade og forureiningsskade, seier justisminister Odd Einar Dørum, som nå vil gå gjennom utgreiinga.

Konvensjonen vil gi større utsikter til dekking av kostnadene som kjem til ved statlege aksjonar mot akutt forureining i samband med sjøulykkar med skip som fraktar farleg gods. Til dømes vil ansvarsgrensa for eit skip på 10 000 bruttotonn auke frå om lag 42 millionar kroner i dag til 220 millionar kroner etter HNS-konvensjonen. Utover ansvarsgrensa til skipet kan det søkjast vederlag frå eit internasjonalt vederlagsfond opp til om lag 2,5 milliardar kroner.

Elementa i konvensjonen som særleg styrkjer stillinga for den skadelidne, er:

  • Eit klart definert lovheimla objektivt ansvar for eiar, med langt høgare ansvarsgrenser enn etter gjeldande rett,
  • plikt til å forsikre for ansvaret etter konvensjonen,
  • ein rett for skadelidne til å krevje vederlag direkte frå forsikringsselskapet, samt
  • tilgang til å krevje vederlag frå eit internasjonalt vederlagsfond for den delen av tapet som ikkje blir dekt innanfor det avgrensa reiaransvaret.

I vurderinga av om Noreg bør ratifisere HNS-konvensjonen har komiteen også lagt vekt på at EU-landa har gått inn for å gjennomføre konvensjonen. EU-kommisjonen har vore ein pådrivar for å få medlemsstatane til å gjennomføre konvensjonen, noko som mellom anna kjem av det politiske presset som har komme på sjøfartstryggingsområdet etter store ulykker som Erika og Prestige.



Kontaktperson:
Professor Erling Selvig, utvalets leiar – mobil: 9068 7499