Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd oppheva

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 115/02
Dato: 13.12.2002
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, tlf. 22 24 80 00

Tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd oppheva

Stortinget har samrøystes vedteke å oppheva den såkalla tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd.

Tilnærming mellom nynorsk og bokmål 'på norsk folkemåls grunn' var opphavleg eit uttalt mål i offisiell norsk rettskrivingspolitikk. Tanken var å smelta dei to målformene saman til eit felles norsk skriftspråk. Denne såkalla samnorskpolitikken vekte stor strid. Gjennom skipinga av Norsk språkråd i 1971 vart det slutt på den aktive tilnærmingslinja.

Men tanken om eit felles norsk skriftspråk ein gong i framtida vart ikkje oppgitt. Norsk språkråd skulle framleis støtta opp under utviklingstendensar som på lengre sikt fører målformene nærmare saman.

Dette har ikkje gitt seg nemnande utslag i den faktiske rettskrivingsutviklinga dei seinare tiåra. På viktige punkt har målformene snarare fjerna seg frå kvarandre. I ei stortingsmelding frå 1997 vart også tanken om eit framtidig felles skriftspråk lagd bort.

Den lovendringa som Stortinget no har vedteke, vart foreslått i ein odelstingsproposisjon frå Kultur- og kyrkjedepartementet rett før sommarferien.

Til toppen