Historisk arkiv

Det nasjonale museumsnettverket blir etablert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

I budsjettframlegget for 2004 er det foreslått ei ny felles tilskotsordning for museum under nemninga "det nasjonale museumsnettverket". Omlegginga inneber m.a. at alle museumstilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet heretter blir løyvde og utbetalte direkte til kvar institusjon.Formålet er å leggja til rette for fagleg konsolidering på regionalt nivå og slik gjera institusjonane betre i stand til å spela ei rolle i eit nasjonalt nettverk. (08.10.03)

Pressemelding

Nr.: 88/03
Dato: 08.10.2003
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Det nasjonale museumsnettverket blir etablert

I budsjettframlegget for 2004 er det foreslått ei ny felles tilskotsordning for museum under nemninga "det nasjonale museumsnettverket". Omlegginga inneber m.a. at alle museumstilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet heretter blir løyvde og utbetalte direkte til kvar institusjon.

Dermed er det lagt til rette for å knyta musea saman i eit nettverk som gir optimal nasjonal samordning. Omlegginga er eit ledd den store museumsreforma som vart skissert i stortingsmeldinga om arkiv, bibliotek og museum frå 1999. Her vart det teke til orde for å stimulera ei utvikling i retning av færre og større museumsinstitusjonar i kvart fylke. Formålet er å leggja til rette for fagleg konsolidering på regionalt nivå og slik gjera institusjonane betre i stand til å spela ei rolle i eit nasjonalt nettverk.

- Dette er ei av dei største reformene som er gjennomført i norsk kulturpolitikk, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. - Dei som har det daglege arbeidet sitt i musea vil få større fagleg handlingsrom, og publikum vil gradvis få eit betre og meir spennande museumstilbod. Det står enno mykje att før reformarbeidet er fullført. Men det grepet vi no gjer, er eit uttrykk for at det ikkje er nokon veg tilbake, påpeikar statsråden.

Siste året er det særleg i Telemark og Nordland at konsolideringsarbeidet har vore drive med kraft og har resultert i ein avklart institusjonsstruktur. I budsjettet for 2004 gjer departementet difor framlegg om auka tilskot til tre konsoliderte museumseiningar i kvart av desse fylka. Alle får ein auke på 1 mill. kroner. Dette gjeld Telemark Museum, Vest-Telemark Museum, Norsk Industriarbeidermuseum, Helgeland Museum, Salten Museum og Museum Nord (Lofoten/Vesterålen/Ofoten). I tillegg blir det foreslått ein tilsvarande auke til Norsk Folkemuseum, Randsfjordmuseene og Ringve Museum. Departementet foreslår ein auke på 1,5 mill. kroner til Norsk Bergverksmuseum.