Historisk arkiv

Kulturpolitikk fram mot 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

- Eg er glad for å presentera ei kulturmelding som grip fatt i dei store kulturpolitiske utfordringane i det komande tiåret på ein offensiv måte, sa statsråd Valgerd Svarstad Haugland då ho la fram regjeringa si Stortingsmelding om kulturpolitikken. (29.08.2003)

Pressemelding

Nr.: 67/03
Dato: 29.08.2003
Kontaktpersoner: Avd.dir. Stein Sægrov, tlf. 22 24 80 26, mob. 97 57 97 35


Se powerpoint presentasjon fra pressekonferansen 29. august
(presentasjonen er i pdf-format)

Kulturpolitikk fram mot 2014

- Eg er glad for å presentera ei kulturmelding som grip fatt i dei store kulturpolitiske utfordringane i det komande tiåret på ein offensiv måte. Her er retning og politiske prioriteringar klare. Ein dynamisk og pulserande kultursektor som kommuniserer godt med breie brukargrupper, er eit uunnverleg aktivum for landet, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland om regjeringa si Stortingsmelding om kulturpolitikken.

St. meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 trekkjer opp hovudlinene for dei kulturpolitiske prioriteringane og den statlege medverknaden i utviklinga av kulturfeltet i åra fram mot 2014. Eit viktig grunnlagsmateriale for meldinga har vore dei mange utgreiingane som dei siste åra er utarbeidde om ulike kulturpolitiske spørsmål, dels på oppdrag av departementet og dels i regi av Norsk kulturråd.

- Ein god kulturpolitikk krev langsiktig planlegging og kontinuitet. Trygge rammevilkår og handlingsrom for institusjonar og tiltak må vera basis for den fornyinga og dei kursendringane som samfunnsutviklinga tilseier, påpeikar Svarstad Haugland.
- Vi har ein kompetent kultursektor som tvillaust evnar å gripa tak i nye utfordringar. Statens oppgåve vil fyrst og fremst vera å leggja til rette høvelege rammevilkår for å utløysa verdfulle potensial innanfor dei ulike delområda av kulturfeltet.

Hovudbodskapen i meldinga er å halda fram den profesjo­nelle kunsten og den fagleg forankra kulturinnsat­sen som eit verde i seg sjølv. Kvalitet er eit avgjerande kriterium for at kulturtiltak skal verta prioriterte i den statlege kul­turpolitikken, understrekar Svarstad Haugland.

- Det er dessutan viktig for regjeringa å leggja til rette for mangfaldet innafor kulturlivet. Eit breitt spektrum av skapande, utøvande, dokumenterande og formidlande innsatsar frå alle delar av kulturfeltet er ei verdfull motvekt mot den einsrettande krafta ulike kommersielle krefter i samfunnet kan representera, påpeikar statsråden.

OFFENSIV KULTURMELDING

- Vi står samla sett overfor store kulturpolitiske utfordringar det komande ti-året, seier Svarstad Haugland. - Det er særs viktig at vi kulturpolitisk legg til rette for at vi fram mot år 2014 skal kunne vidareutvikle det potensialet som ligg i ein kreativ og veksande kultursektor.

På heile kulturfeltet vil det dessutan vera ei prioritert oppgåve å stimulera til auka internasjonal samhandling. Det er eit overordna behov for tiltak som kan stimulera til likestilling og inkludering av minoritetsuttrykk og impulsar frå andre tradisjonar enn den vestlege i det norske kulturlandskapet.

- Kulturpolitikken må leggja til rette for utvikling av kulturlivet med utgangspunkt i dagens saman­sette kulturbilete. Eit overordna mål i kulturpolitik­ken er å fremja kulturelt mangfald nasjonalt og internasjonalt. Kulturelt mangfald er ein verdi i seg sjølv for både samfunnet og for individet, Noreg i dag ser ganske annleis ut enn den gon­gen hovudinnhaldet i den noverande kulturpolitik­ken vart utforma. - Dei siste tiåra har det skjedd omfattande endringar i samfunnet og på kulturom­rådet. Nokre av dei viktigaste endringane er knytte til den aukande graden av globalisering og indivi­dualisering. Dette har medverka til ein meir samansett kultursituasjon, og tradisjonelle førestil­lingar om «norsk felleskultur» og «nasjonal identi­tet» vert utfordra, seier statsråd Svarstad Haugland.

Statsråden karakteriserer den nye kulturmeldinga som offensiv. Både allmenne samfunnsmessige utviklingstrekk og endringar innanfor dei respektive kunst- og kulturområda har skapt ei rekkje utfordringar som vil krevja nye ressursar. Dels vil det dreia seg om å dekkja opp tiltak som er presentert i tidlegare dokument som Stortinget har slutta seg til, dels er det tale om nye prioriteringar.

Allereie avklarte opptrappingsplaner ligg i ein storleik på 500 mill. kr. Dette gjeld først og fremst abm-meldinga om saksområda arkiv, bibliotek og museum, meldinga om nytt operahus, og Stavanger som europeisk kulturby, dersom denne søknaden vinn fram. Men også på andre område gjer det seg gjeldande påtrengjande behov, som vil krevja nye prioriteringar.

Statsråden presiserer at meldinga i seg sjølv ikkje gjev konkrete tilvisingar om i kva omfang eller i kva for budsjettår opptrappingane skal skje, av di dette er spørsmål som må handsamast i dei årlege statsbudsjetta på vanleg måte.

Men meldinga omtalar status, utfordringar og behov innanfor dei ulike områda. Den tek også opp enkelte nye tema, som t.d. folkemusikk og folkedans. Kyrkja som kulturberar blir óg omtala, både generelt og under dei enkelte kunstkapitla. Kyrkjemusikk blir foreslått prioritert gjennom ei eiga tilskotsordning.

FRIE GRUPPER

Det frie kunstfeltet er eit prioritert område i denne meldinga. Stadig større delar av kunstproduksjon og formidling finn stad utanfor dei etablerte institusjonane. Dette er eit veksande, dynamisk felt der mange av aktørane kan visa eit høgt kunstnarleg nivå, sjølv med svært små økonomiske ressursar. Særleg musikkensembla og det frie scenekunstfeltet, ikkje minst dansen, må få betre økonomiske rammevilkår som kan sikra kontinuitet og utvikling. Dei auka løyvingae til Den kulturelle skulesekken representerer eit nytt handlingsrom for frie grupper. I 2003 er det sett av 5 mill. kroner særskilt til scenekunstprosjekt. Denne summen vil kunne aukast til 13 mill. kroner i 2005. I tillegg kjem prosjekt som fylkeskommunane i samarbeid med kommunane og skulane initierer innanfor rammene av den øyremerkte tildelinga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken.

SCENE FOR MODERNE DANS

I samarbeid med Senter for dansekunst har departementet arbeidd for å etablera ei eiga scene for moderne dans i Oslo. Ei slik scene skal utviklast til ein profesjonell arena for produksjon og formidling av moderne dans, til kompetansesenter og møteplass. Det er viktig å sikra samarbeid med etablerte institusjonar og andre dansemiljø. Det er planar om førebels å etablera ei slik scene i Det Norske Teatret. Det er naudsynt med statleg støtte til husleige og drift. I tillegg vil det verta sette av eigne midlar til eit tidsavgrensa utviklingsprogram knytt til den nye scena. Vonleg vil ei permanent dansescene kunne innpassast i utbygginga på Vestbanen.

INSTITUSJONANE

Kulturmeldinga held fram frie grupper, tidsavgrensa prosjekt o.l. som viktige tiltak for å nå måla i kulturpolitikken. Likevel må dei store institusjonane framleis vera hjørnesteinar i gjennomføringa av kulturpolitikken. Dette er permanente strukturar som er bygde opp over lang tid, og som forvaltar ein svært stor del av dei statlege driftsressursane til kulturføremål. Institusjonane har eit ansvar for til kvar tid å vera lydhøyre og mottakelege for impulsar frå omgjevnadene, fanga opp nye behov og å samhandla både med kvarandre og med utanforståande aktørar på ein dynamisk måte. For å skapa større rom for fleksibilitet, må dei etablerte institusjonane kontinuerleg vurdere eigen organisasjon og kostnadsstruktur. Det blir mellom anna lagt opp til periodiske evalueringar og insentivordningar for å stimulera til kvalitet og ønska endringsprosessar. Institusjonane innanfor kulturlivet vil bli stilt overfor strenge krav til omprioriteringar og samar­beid for å utnytta ressursane på ein fullgod måte. Som lekk i det omfattande arbeidet som pågår med omstilling, modernisering og fornying av offentleg sektor, er krava til stram styring og kostnadseffek­tiv drift eitt av hovudspørsmåla i denne meldinga. Samarbeid mellom institusjonane og det frie feltet må utviklast vidare. Samstundes som institusjonane skal ha trygge rammevilkår, må dei offentlege støtteordningane gjerast meir fleksible.

SCENEKUNST

Det er særleg naudsynt å auka løyvingane til den frie scenekunsten. På scenekunstfeltet vil ein prioritera institusjonar med særleg god ressursutnytting og dei små institusjonane som har høge turnékostnader. Dessutan vil ein gje større armslag for scenekunsten utanfor dei etablerte institusjonane. Departementet ser det som heilt vesentleg at kvalitetsproduksjonar når eit størst mogeleg publikum på den mest kostnadseffektive måten. Den gode tilgangen på teaterproduksjonar frå både institusjonar og frie grupper tilseier at Riksteatret i tråd med forslaget frå scenekunstutvalet skal prøva ut ulike former for samarbeid med teater og frie grupper og prioritera arbeidet med å formidla oppsetjingar som er arbeidde fram av andre. For å letta ei slik omlegging ventar departementet at teaterinstitusjonane har for auga oppsetjingar skal kunna tilpassast eit turnéformat. Det inneber at det må stillast nye krav til teaterinstitusjonane. Det inneber òg at Riksteatret må leggja om arbeidsmåtane sine.
Vidare skal Den Norske Opera styrkjast stegvis, slik at insti­tusjonen innan 2008 er i stand til både kunstfagleg og praktisk å ta i bruk den nye ope­rabygningen. Dette krev ein auke av driftstilsko­tet med om lag 50 mill. kroner. Det må vidare satsast når det gjeld å utvikla distrikts- og regionopera i samsvar med Stortingets vedtak og etter ein utarbeidd plan for å stimulera eksisterande tiltak og initiativ.

FESTIVALAR

Noko av det gledelegaste som har skjedd på kulturområdet dei siste ti-åra er

framveksten av eit hundretals festivalar rundt om i heile landet. Festivalane har ei sterk lokal forankring og mobiliserer stor friviljug innsats. Samstundes opererer dei gjerne i internasjonale nettverk med program av gjennomgåande høg kvalitet. Festivalane formidlar kunst til eit samla sett stort og veksande publikum landet rundt og driv kostnadseffektivt. Men mange viktige og kunstnarleg vellukka festivalar, biennalar og mønstringar har behov for vidare økonomisk handlingsrom for å kunne vidareutviklast. Det er behov for ei styrkjing av festival-støtteordninga.

SPRÅK OG LITTERATUR

Det er eit sentralt kulturpolitisk mål å verna og styrkja norsk språk, slik at bokmål og nynorsk kan bestå som fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet, inn i det nye informasjonssamfunnet. I tillegg til reint språkpolitiske tiltak spelar produksjon og formidling av norsk fag- og og skjønnlitteratur ei viktig rolle. Sett ut frå både eit språk – og kunstpolitisk perspektiv er det viktig å vidareføra vellukka støtteordningar og eit godt biblioteknettverk. Innkjøpsordningane for litteratur er viktige for å oppretthalda mangfald og kvalitet i litteraturtilbudet. I tillegg til dei eksisterande ordningane må rammene utvidast slik at det også blir rom for innkjøp av essayistikk og sakprosa. Dessutan er det naudsynt å betra rammevilkåra for utgjeving av litteratur på nynorsk, og å styrkja arbeidet med produksjon og formidling av littera­tur til synshemma.

ARKIV, BIBLIOTEK, MUSEUM

ABM-feltet (arkiv, bibliotek og museum) er oppgåva å følgja opp dei opptrappingane på over 400 mill. kroner (i løpet av 5 år) som vart lovde gjennom St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving, og som fekk brei tilslutnad i Stortinget. Inneverande år er å rekna som år 2 i oppfølginga og hittil er om lag 100 mill. kroner av den samla opptrappinga på plass i budsjettet.

Hovudutfordringa på museumsfeltet er å omskapa eit brokut landskap av 700–800 museum til om lag 100 fagleg kvalifiserte og økonomiske handleføre institusjonar som skal samarbeida i eit nasjonalt nettverk. Det pågår for tida mange viktige konsolideringsprosessar i dei fleste fylka.

Hovudutfordringa på bibliotekfeltet er å byggja opp Nasjonalbiblioteket til eit forskingstilrette­leggjande kompetansesenter med m.a. nyop­ning for publikum på Solli plass sommaren 2005. Vidare er det ei viktig oppgåve å leggja til rette for det saumlause biblioteket, dvs. at dei informasjonsressursane som norske bibliotek samla rår over, skal vera lett tilgjengelege for alle.

Hovudutfordringa på arkivfeltet er å setja Arkiv­verket i stand til å handtera dei aukande meng­dene elektronisk arkivtilfang. Mykje viktig his­torisk kjeldemateriale kan elles gå tapt. Dessu­tan kan det gå ut over rettstryggleiken for den einskilde, dersom forvaltninga slettar spora etter seg ved ikkje å tryggja langtidsbevaringa av elektroniske arkiv.

MUSIKK

På musikkområdet må innkjøpsordningane for fonogram få vidare rammer for å styrkja norsk produksjon av høg kvalitet, slik at den blir tilgjengeleg for fleire. Det vil også tena musikklivet som heilskap, produksjonsselskap, komponistar, utøvarar og publikum.

Det er behov for å byggja ut dei fleste orkestra, og tilskotsordninga for musikkensemble skal verta utvida. Desse er særs viktige for fornying av repertoar, nytolking og formidling av nye verk. Ein del viktige og musikalsk vellukka festivalar skal få betre handlingsrom. Kyrkjemusikken skal verta prioritert gjennom ei eiga tilskotsordning.
Grunnlaget for produksjon og formidling av folkemusikk bør styrkjast. Folkemusikken har dei siste tiåra fått fleire utøvarar på høgt nivå, fleire arenaer og større publikum, og det skjer nytenking når det gjeld formidlings- og samversformer. Interessa for og rekrutteringa innanfor folkedansen har derimot gått tilbake, og dette stiller folkedansmiljøa overfor særskilde utfordringar.
Dokumentasjon og informasjon om norsk musikkliv er ein naudsynt føresetnad for eit levande musikkliv. Fellesløysingar og fagleg samarbeid kan medverka til å styrkja denne delen av musikklivet. Ei samlokalisering av Musikkinformasjonssentret, Norsk Jazzarkiv, Visearkivet med Nasjonalbiblioteket vil kunne leggja til rette for eit styrkt miljø både musikk- og dokumentasjonsfagleg. Eit arkiv for populærmusikk og rock kan òg utviklast innanfor eit slikt miljø.

EI NASJONAL SCENE FOR JAZZ

Rekrutteringa av unge og dyktige jazzmusikarar dei seinare åra har resultert i ei rekkje kunstnarlege etableringar som treng produksjonsvilkår som kan sikra nivået og profesjonaliteten i verksemda. Offentleg økonomisk innsats må innrettast slik at han tryggjer eit breitt og samansett jazzfelt, der improvisasjonsmusikken får høve til å nå ein større marknad og eit nytt og breiare publikum.

Ein meir kontinuerleg presentasjon av både norsk og internasjonal jazz vil vera tenleg for ytterlegare å tryggja kvalitet, breidd og rekruttering. Å skipa til ei nasjonal scene for jazz vil skapa ein viktig møtestad for publikum og utøvarar. Ein samlande møteplass for jazzmiljøa og felles konsertscene bør i fyrste omgang ikkje skje som nyetablering, men bør utviklast med utgangspunkt i eksisterande miljø og eigna spelestader.

BILETKUNST, ARKITEKTUR OG DESIGN

Innanfor biletkunstfeltet vil utviklinga av det nye Nasjonalmuseet for kunst vera den viktigaste oppgåva i åra som kjem. Andre viktige tiltak vil vera å styrkja utvekslinga av samtidskunst mellom Noreg og utlandet, leggja til rette for nye kunstut­trykk og for å formidla kunst som står utanfor den vestlege kunsttradisjonen. Den auka internasjonaliseringa av kunstfeltet krev at Noreg i dag i større grad lyt delta internasjonalt og motta impulsar utanfrå. Som ein lekk i dette arbeidet vart Office for Contemporary Art Norway (OCA) skipa. OCA skal ivareta internasjonal formidling av biletkunst og styrkja deltakinga frå Noreg på den internasjonale kunstarenaen.

Gjennom Nasjonalmuseet for kunst skal det skapast ei kunst- og museumsfagleg sterkare plattform for ei brei satsing på formidling av biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design. Den kulturelle skulesekken kan verta viktig for Riksutstillinger og tilhøvet til regionale formidlingsaktørar. Institusjonane på biletkunst- og kunsthandverksfeltet har eit særleg ansvar for å dokumentera mangfaldet i samtidsuttrykk. Institusjonane bør ha eigne innkjøpsbudsjett. Det må dessutan leggjast til rette for samarbeid og løpande kontakt mellom musea om innkjøp.

Kvaliteten på våre fysiske omgjevnader vil framleis vera eit prioritert område i kulturpolitikken i det komande tiåret. God arkitektur og design og kunstnarleg utsmykking av offentlege bygg og rom er viktig. Ein meir samordna innsats frå dei mange aktørane som er involverte i forminga av omgjevnaden vil vera eigna til å styrkja vektlegginga av den estetiske dimensjonen. Det bør dessutan leggjast til rette for dialog mellom relevante organ og Utsmykkingsfondet for offentlege bygg med sikte på breiare kontakt med kyrkja, andre aktuelle religiøse institusjonar og kunstnarmiljøa.

FILM OG KINO

Det er ei offentleg oppgåve å tryggja at det i eit lite land som Noreg er eit tilbod av film og andre audiovisuelle produksjonar som reflekterer vår his­torie, vår kultur og vårt språk. Hovudmålet er å sikra eit godt og mangfaldig norsk audiovisuelt tilbod. For å få til dette er det naudsynt med omfattande støtte til film og andre audiovisuelle medium. Det er særleg viktig å syta for at born og unge får tilgjenge til audiovisuelle produksjonar med høg kvalitet, spesielt når det gjeld dataspel. Departementet vil vidareføra hovudstrukturen i den omlagde filmpolitikken frå 2001. Det vert teke sikte på å auka løyvingane til utvikling av interak­tive produksjonar (spel) på norsk.

KUNSTNARPOLITIKK

Av direkte verkemiddel overfor kunstnarane er det særleg aktuelt å styrkja ordninga med arbeidstipend. Arbeidstipenda bør innrettast på ein måte som ivaretek kunstnarane sitt behov for konsentrasjon og fagleg fordjupning. Det kan på denne bakgrunn vera relevant å vurdera nye typar langvarige stipend. Det blir lagt opp til ein viss omfordeling av middel frå ledige garantiinntekter og til arbeidstipend. Ein ynskjer å forenkla det administrative apparatet når det gjeld stønadsordninga for kunstnarar.

FRIVILJUG INNSATS

Dei friviljuge organisasjonane er viktige både for kulturlivet og for samfunnet meir allment. Med verknad frå 2003 vart Frifond tilført ein øyremerkt del av midlane til kulturområdet frå speleoverskotet. Prognosane for speleoverskotet tilseier at Frifonds del vil utgjera om lag 135 mill. kroner frå 2005. Både resultata av evalueringa og behovet for å kvalitetssikra ordninga med tanke på auken i den økonomiske ramma, tilseier at Frifond-ordninga bør justerast når det gjeld korleis midlane vert kanaliserte til målgruppene. Det ville vera tenleg med ein modell som legg til rette for ei betre lokal forankring og ein heilskapleg politikk overfor born og unge lokalt.

INVESTERINGSBEHOV

Ei rad kulturinstitusjonar har udekte investe­ringsbehov. Innanfor scenekunstfeltet skal nybyg­get for Hålogaland Teater realiserast. Ei scene for dans skal etablerast i hovudstaden. Mange museum har akutte behov for betre gjenstandsma­gasin og meir tidsmessige formidlingsarenaer. Behovet for kulturelle møteplassar lokalt og regio­nalt er framleis stort. Dei nye spelemidlane til kul­turbygg vil verta eit viktig verkemiddel for å dekkja desse behova. Den noverandre ordninga for tilskot til lokale og regionale kulturbygg har eit altfor detaljert og rigid regelverk og bør byggjast om.

Departementet vil derfor tilrå, med utgangspunkt i dei spelemidlane som vil verta øyremerkte til kulturbygg i åra frametter, å erstatta gjeldande stønadsordning med to nye ordningar: For det fyrste bør det skipast ei ny, desentralisert ordning for tilskot til kulturhus, der 40 pst. av spelemidlane kan stillast til rådvelde for fylkeskommunane. Tilskot til bibliotekbussar kan inngå i ordninga.

For det andre bør det skipast ei ny ordning for tilskot til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur med ei årleg ramme tilsvarande 60 pst. av spelemidlane. Geografisk vil prosjekta over tid fordela seg på heile landet, men i det einskilde budsjettåret vil tilskota måtta konsentrerast om eit avgrensa tal prosjekt. Følgjeleg vil det vera naudsynt med ei samla prioritering på nasjonalt nivå.

Kategorien nasjonale kulturbygg bør i åra frametter femna om bygg av eit særleg stort omfang, prosjekt der staten åleine skal dekkja ein særleg stor del av dei samla investeringskostnadene og andre prosjekt som etter sin karakter utan vidare høyrer heime i denne kategorien.

GLOBALISERING

Globalisering og internasjonalisering har gjeve nye handlingsrom for internasjonal kulturutveks­ling og skapt nye rammevilkår for utanrikskulturell innsats. Med utgangspunkt i kulturens eigenverdi handlar det fyrst og fremst om å leggja til rette for gjensidig kulturutveksling for å fremja kulturell og kunstnarleg utvikling. I dette perspektivet er det vel så viktig å styrkja importen av internasjonale kunst- og kulturuttrykk – særleg dei «smale» – som å fremja eksport av norske produkt. Kultur- og kyr­kjedepartementet og Utanriksdepartementet vil samhandla nært om desse spørsmåla. I eit vidare samfunnsperspektiv har internasjonal kulturut­veksling òg vorte viktigare for mellommenneske­leg forståing og i fredsskapande arbeid.


St.meld.nr.48 Kulturpolitikk fram mot 2014 på nett

Pressekonferansen om kulturmeldinga 29. august 2003 på nett