Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Løyvinga til Norsk Kulturfond fordelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Fordelinga av midlane til Norsk kulturfond for 2003 på 232,3 mill. kroner vart vedteken i statsråd fredag. Den største avsetninga på 75,4 mill. kroner går til litteratur, i hovudsak til innkjøpsordningane for litteratur. (31.01.03)

Pressemelding

Nr.: 09/03
Dato: 31.01.2003
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, tlf. 22 24 80 00

Løyvinga til Norsk Kulturfond fordelt

Fordelinga av midlane til Norsk kulturfond for 2003 på 232,3 mill. kroner vart vedteken i statsråd fredag.

Den største avsetninga på 75,4 mill. kroner går til litteratur, i hovudsak til innkjøpsordningane for litteratur. Avsetninga til scenekunst er på 36 mill. kroner. Regjeringa legg til grunn at tilskot til dans skal ha høg prioritet innanfor løyvinga til fri scenekunst, også i 2003.

Løyvinga til Norsk kulturfond er vidare fordelt slik: musikk 52,3 mill. kroner, tidsskrift 2,6 mill. kroner, biletkunst/kunsthandverk 13,8 mill. kroner, kulturvern 14,8 mill. kroner, barn og unge 8,7 mill. kroner og kulturbygg 12,1 mill. kroner. Det treårige satsingsprosjektet "Rom for kunst" vart avslutta i 2002. Avsetninga til prosjektet er frå 2003 lagt inn i kulturbyggavsetninga.

Til toppen