Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Meir midlar til folkemusikk og folkedans

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 94/03
Dato: 08.10.2003
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Meir midlar til folkemusikk og folkedans

Departementet styrkjer grunnlaget for produksjon og formidling av folkemusikk og folkedans i framlegget til statsbudsjett for 2004. Det er lagt inn 1 mill. kroner fordelt på prosjekta Bygda-dansar-Fjordapuls, Den norske folkemusikkscena og Sogn og Fjordane Teaters arbeid med utvikling av folkedans som scenespråk.

- Noreg har eit sjølvsagt ansvar for å verna, forvalta, og føra vidare den norske folkemusikken og folkedansen. Her kan vi ikkje få hjelp av verdssamfunnet slik vi kan med mange andre kulturuttrykk. Folkemusikken og folkedansen er tufta på dels nasjonale og dels lokale kompetansefundament og normer. Det er ei viktig oppgåve å syta for at denne kulturressursen er konkurransedyktig i eit moderne, profesjonelt kulturliv, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Folkemusikken har dei siste tiåra fått fleire utøvarar på høgt nivå, fleire arenaer og eit større publikum. Det skjer dessutan nytenking når det gjeld formidlings- og samværsformer. Men det er behov for større innsats i produksjon og formidling. Interessa for og rekrutteringa til folkedansen har gått tilbake, og dette stiller folkedansmiljøa overfor særskilde utfordringar.

Til toppen