Historisk arkiv

Meir midlar til trusopplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 99/03
Dato: 08.10.2003
Kontaktpersoner: Eksp.sjef Ole H. Fisknes, Kyrkjeavdelinga, tlf. 22 24 79 00 og avd.dir. Jørn Hagen, Kyrkjeavdelinga, tlf. 22 24 79 10

Meir midlar til trusopplæring

Budsjettforslaget for Den norske kyrkja er på 1 057,8 mill. kroner for 2004. Dette er ein auke på 3,2 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2003.

Hovudsatsinga i kyrkjebudsjettet er forslaget om ein auke på 25 mill. til styrking av trusopplæringa. Den totale løyvinga til trusopplæringa blir dermed på 30 mill. kroner.

- Eg er glad for å kunna leggja fram eit budsjett som så sterkt følgjer opp målet om å styrkja trusopplæringa. Med forslaget for 2004 har reformarbeidet fått ei solid økonomisk forankring, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
- Budsjettsatsinga er historisk. Reforma er noko av det mest omfattande og gledelege som har hendt i Den norske kyrkja i nyare tid. Den er viktig for å halda ved like og utvikla Den norske kyrkja som ei folkekyrkje og føra vidare den kristne kulturarven, påpeikar statsråd Svarstad Haugland.

Prestetenesta er i utvikling og endring. Prostane er sentrale i denne utviklinga. I budsjettet for 2004 er det innarbeidd ein auke på 3 mill. kroner til styrking av prostetenesta. Dessutan er det foreslått to nye fengselspreststillingar i 2004.

Den norske kyrkja vil frå 2004 vera inkludert i ordninga med skattefritak for gåver til frivillige organisasjonar. - Dette er eit handslag til det frivillige arbeidet i kyrkja og ein stimulans for den frivillige gjevargleda. Eg er særs glad for at denne saka no har funne si løysing, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland.

Det ordinære statstilskotet til fellesråda i 2003 var på 100 mill. kroner. For 2004 er denne løyvinga ført vidare med same beløp.

For 2004 foreslår departementet ei løyving på 1,0 mill. kroner til Kirkens ressurssenter mot vold og overgrep, ein auke på meir enn 40 prosent.