Historisk arkiv

Auka tilskot til jazzfestivalen i Molde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 98/04
Dato: 06.10.2004
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavd., tlf. 22 24 80 00

Auka tilskot til jazzfestivalen i Molde

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår å auka tilskotet til Molde International Jazz Festival med 1 million kroner. Den samla løyvinga blir da 4,1 millionar kroner i 2005. – Med dette får festivalen i Molde eit lyft som gjer at han enda betre kan ivareta rolla som den sentrale jazzarenaen vår, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Moldejazz har relativt sett hatt eit lågare tilskot enn dei andre knutepunkt-institusjonane. Departementet fann allereie tidlegare i år grunn til auka støtte og gav festivalen eit ekstraordinært tilskot på 250 000 kroner ut over det som allereie var løyvd for 2004.

Moldejazz er ein veletablert nasjonal arena for jazzmusikk, som også har opparbeidd seg eit internasjonalt omdøme. Norske jazzmusikarar har ein sentral plass i festivalprogrammet. Det blir satsa mykje på å presentera unge og lovande musikarar, og festivalen arbeider aktivt for å kobla norske og utanlandske musikarar.

Departementet ønskjer gjennom eit auka tilskot å bidra til ei generell styrking av verksemda.