Historisk arkiv

Klart for bibliotekutgreiing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

I regi av ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum – skal det no setjast i gang eit større utgreiingsarbeid på biblioteksektoren. Kultur- og kyrkjedepartementet har oppnemnt ei referansegruppe for å sikra brei forankring av arbeidet. (21.06.04)

Pressemelding

Nr.: 53/04
Dato: 21.06.04
Kontaktperson: Seniorrådgivar Ingvar Engen, tlf 22 24 80 31

Klart for bibliotekutgreiing

I regi av ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum – skal det no setjast i gang eit større utgreiingsarbeid på biblioteksektoren. Kultur- og kyrkjedepartementet har oppnemnt ei referansegruppe for å sikra brei forankring av arbeidet.

Som leiar for referansegruppa er oppnemnd Frode Sannum, fylkeskultursjef i Oppland.
Dei andre medlemmene er:

Frode Bakken, leiar i Norsk Bibliotekforening
Saadia Bibi, elev ved Sandaker vidaregåande skule
Anne Hustad, hovudbibliotekar ved Høgskulen i Molde
Roger Jøsevold, assisterande nasjonalbibliotekar
Per Olav Kaldestad, forfattar
Irene Valstad Simonsen, kommunalsjef i Tromsø kommune
Trond Singsås, organisasjonsdirektør ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Ellen Sundt, rådgjevar i Utdanningsdirektoratet
Svein Arne Tinnesand, fylkesbiblioteksjef i Rogaland
Elin Nesje Vestli, førsteamanuensis og prorektor ved Høgskulen i Østfold

Målet med arbeidet er m.a. å utarbeida eit overordna strategidokument som skisserer ein plan for heilskapleg utvikling av ein samla biblioteksektor. I tillegg er det behov for å utgreia meir i detalj mange større og mindre spørsmål.

For nærmare informasjon viser vi til mandatet for utgreiinga, som er tilgjengeleg på nettsidene til Kultur- og kyrkjedepartementet på Odin:

Mandatet for utgreiinga