Historisk arkiv

Nærmare 10 millionar meir til museumssektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 96/04
Dato: 06.10.2004
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavd., tlf. 22 24 80 00

Nærmare 10 millionar meir til museumssektoren

Utanom Nasjonalmuseet for kunst er det gjort framlegg om ein auke på nesten 10 millionar kroner i ordinære driftstilskot på museumssektoren. Vel halvparten går til Norsk Folkemuseum, som har fått overført ansvaret for å forvalta Bygdø Kongsgård. I tråd med føresetnadene skal m.a. gardsdrifta leggjast om i retning av historisk landbruk.

Resten av auken, i overkant av 4 millionar kroner, er foreslått fordelt på åtte ulike museum, av desse tre i kvart av fylka Nordland og Hordaland. Her er det i særleg grad skjedd prinsipielle avklaringar og substansielle endringar i institusjonsstrukturen, i samsvar med dei føresetnadene som ligg til grunn for det landsomfattande reformarbeidet. Dette vil i 2005 halda fram på fjerde året.

I Nordland får Helgeland Museum, Salten Museum og Museum Nord ein auke på
0,5 millionar kroner kvar, og tilsvarande gjeld i Hordland for Norges fiskerimuseum, Museumssenteret Salhus og Bryggens Museum. Det siste forvaltar dei statlege minnesmerka Rosenkranztårnet og Håkonshallen, og tilskotsauken skal dels kompensera for permanent reduksjon i eigeninntektene etter pålagde brannverntiltak i Rosenkrantztårnet, dels gi rom for nødvendig opprusting av Håkonshallen.

I tillegg er det foreslått 0,7 millionar kroner i auke til Telemark Museum for å styrkja Ibsen-formidlinga fram mot det nasjonale Ibsen-jubileet i 2006. Glomdalsmuseet i Hedmark får ein auke på 0,4 millionar kroner i samband med ferdigstilling av eit dokumentasjons- og formidlingssenter for romanifolkets kultur og historie.