Historisk arkiv

Regjeringa tilrår ikkje statsgaranti for Tromsø sin OL-søknad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

- Eg meiner at idrettsnasjonen Noreg skal ha ambisjonar om å arrangera vinter-OL i framtida, men at det er for kort tid sidan sist vi tok på oss ei så stor oppgåve. Gjennomgangen av søknaden frå Tromsø 2014 AS har vist at kostnadene vil kunna bli ein god del høgare enn dei overslaga som vart presenterte i søknaden, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. (12.11.04)

Pressemelding

Nr.: 146/04
Dato: 12.11.2004
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Paul Glomsaker, tlf. 22 24 78 10

Regjeringa tilrår ikkje statsgaranti for Tromsø sin OL-søknad

- Eg meiner at idrettsnasjonen Noreg skal ha ambisjonar om å arrangera vinter-OL i framtida, men at det er for kort tid sidan sist vi tok på oss ei så stor oppgåve. Gjennomgangen av søknaden frå Tromsø 2014 AS har vist at kostnadene vil kunna bli ein god del høgare enn dei overslaga som vart presenterte i søknaden, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

- Eg vil likevel rosa Tromsø for ein god søknad, som omtaler eit OL i flotte omgjevnader, kommenterar Svarstad Haugland.

Regjeringa har i dag vedteke å tilrå at det ikkje blir gitt statsgaranti for søknaden frå Tromsø 2014 om å arrangera Dei olympiske vinterleikar og Paralympics i 2014. Avgjerda er i hovudsak basert på følgjande vurderingar:

Totale kostnader for gjennomføringa av arrangementet er høge og av søkjar rekna til 15 680 mill. kroner, med behov for statlege tilskot på 9 540 mill. kroner. Regjeringa peiker på at det er stor grad av uvisse knytt til kostnadsoverslaget.

Eit vinter-OL i Tromsø vil medføra stor bruk av spelemidlar til idrettsføremål. Dette vil måtta føra til ein tilsvarande reduksjon av spelemidlar til anleggsutbygging i kommunane, reduserte tilskot til organisasjonane og andre idrettsføremål.

Dei forventa samfunnsmessige effektane er usikre og kan ikkje forsvara ressursbruken godt nok.


Saka vil no bli oversend Stortinget til vidare handsaming.

St. meld. nr. 7 (2004-2005)
Om det skal stilles statsgaranti i fobindelse med søknad fra Tromsø 2014 AS om å bli tildelt De olympiske vinterleker og Paralympics i 2014.