Historisk arkiv

44 millionar i auke til museum over heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 141/05
Dato: 14.10.2005
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

44 millionar i auke til museum over heile landet

Det er gjort framlegg om 44 millionar kroner i auke til det nasjonale museumsnettverket for 2006. Dette vil gje museumsreforma eit etterlengta lyft, og museum over heile landet vil få auke i det ordinære driftstilskotet.

- Satsinga er den største sidan museumsreforma starta i 2002. Det har skjedd omfattande konsolideringar der mindre museum har gått saman i større einingar regionalt. Reforma er no komen så langt at eit tydeleg museumslandskap er i ferd med å avteikna seg, i tråd med målsetjingane om sterkare einingar i kvart fylke, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Talet på museum som tek imot statleg tilskot, har i denne perioden gått ned frå omkring 280 til 97 einingar. - Sektoren har synt ein imponerande vilje til omstilling med fokus på innhald og vidare utvikling av musea, påpeikar statsråd Svarstad Haugland.

Det er gjort framlegg om ei generell styrking i driftstilskotet til alle musea i det nasjonale museumsnettverket på i alt 5 millionar kroner. Vidare er det gjort framlegg om ein auke på 1 million kroner til konsolidering av dei samiske musea. I tillegg kjem ein auke på vel 38 millionar kroner fordelt til i alt 37 museum i følgjande fylke:

Østfold: 2 millionar kroner
Akershus: 3,4 millionar kroner
Oslo: 2 millionar kroner
Hedmark: 3,9 millionar kroner
Oppland: 1,5 millionar kroner
Buskerud: 2,5 millionar kroner
Aust-Agder: 0,5 millionar kroner
Vest-Agder: 3 millionar kroner
Rogaland: 1,3 millionar kroner
Hordaland: 9 millionar kroner
Møre og Romsdal: 1 million kroner
Nord-Trøndelag: 1 million kroner
Nordland: 4,5 millionar kroner
Troms: 1,5 millionar kroner
Finnmark: 1 million kroner