Historisk arkiv

Auka løyvingar til dans

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 148/05
Dato: 14.10.2005
kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Auka løyvingar til dans

Dansens Hus blir realisert gjennom eit driftstilskot på 11,1 millionar kroner. Dette er ei auke på 5,1 millionar kroner frå 2005. - Vi ser no tydelege resultat av regjeringas satsing på dansefeltet, seier kultur- og kyrkjeministeren.

- Regjeringa har i desse fire åra satsa på sterkare profilering av dans som kunstart. Eg er derfor glad for å realisera Dansens Hus, som har så høg prioritet i dansemiljøet, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Tilskotet til Dansens Hus skal dekkja husleige og drift, i tillegg til kostnader ved kjøp av teknisk utstyr og inventar til nye lokale. Dansens Hus arbeider med å realisera permanente lokale for verksemda i løpet av 2006. For tida har Dansens Hus drift med regelmessige danseframsyningar i ulike mellombels lokale i Oslo, mellom anna på Kunsthøgskolen.

Departementet foreslår eit tilskot til Stellaris Dans Teater i Hammerfest på 1 050 000 kroner. Dette er ein auke på vel 0,5 millionar kroner og er ledd i ei oppbygging som nordnorsk landsdelsscene for dans.

Tilskotet til Senter for Dansekunst, Scenehuset og Gratis Daglig Trening er auka.

Tilskotet til fri scenekunst under Norsk kulturråd er i 2006 foreslått auka med 5 millionar kroner, som skal gå til frie grupper innanfor musikk, dans og teater.