Historisk arkiv

Den norske kyrkja — framleis satsing på trusopplæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 155/05
Dato: 14.10.2005
Kontaktpersoner:
Ekspedisjonssjef Ole H. Fisknes, Kyrkjeavdelinga, tlf. 22 24 79 00
Avdelingsdirektør Jørn Hagen, Kyrkjeavdelinga, tlf. 22 24 79 10

Den norske kyrkja – framleis satsing på trusopplæringa

Budsjettforslaget for Den norske kyrkja er på 1 211,2 millionar kroner for 2006. Dette er ein auke på 7,4 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2005. Hovudsatsinga i kyrkjebudsjettet for 2006 er ei opptrapping på 23 millionar kroner til reform av trusopplæringa i Den norske kyrkja. Den årlege innsatsen på området vil dermed vera på 78 millionar kroner.

Rentekompensasjonsordninga for istandsetjing av kyrkjebygg, som vart innført i 2005, blir foreslått utvida i 2006. Investeringsramma som det kan kompenserast for, blir auka med 500 millionar kroner. Nye kyrkjebygg vil også kunna koma inn under ordninga. Kyrkjebudsjettet for 2006 er elles styrkt med 6 millionar kroner i samband med ny organisering og leiing av prestetenesta. Det generelle statstilskotet til dei kyrkjelege fellesråda blir vidareført med 92,5 millionar kroner, medrekna midlar til sentrale fellestiltak.

- Eg er glad for å kunna leggja fram eit kyrkjebudsjett som fører vidare ei stø satsing og opptrapping av løyvingane til trusopplæringa i kyrkja. Dette kjem den lokale kyrkja til gode, slik ei styrking av prestenesta gjer det. Det er òg godt å gi eit handslag til lokalmiljøa ved å utvida kompensasjonsordninga for kyrkjebygg. Med vidareføring av løyvingane til dei kyrkjelege fellesråda er kyrkjebudsjettet for 2006 eit budsjett for lokalkyrkja, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.