Historisk arkiv

Orientering om NRK

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Stortinget, 28. februar 2002

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Orientering om NRK

Stortinget, 28. februar 2002

Innleiing

Bakgrunn

President,

Eg har bede om å få halda denne orienteringa av fleire grunner.

Etter fleire år med underskot og svekka økonomi har styret i NRK no tatt ansvar for økonomien i selskapet og har vedtatt å gjennomføra fleire innsparingstiltak. Sparetiltaka har i den siste tida skapt stor debatt både i Stortinget og i media. Dei mange breva frå politikarar, organisasjonar og privatpersonar har på den eine sida synt eit stort engasjement. Dessutan ser vi at mange opplever at NRK har ei viktig rolle i samfunnet. Det er eg glad for. På den andre sida har debatten òg synt usemje om kva rolle NRK skal ha. Debatten har òg vist at prinsippa for styring av NRK ikkje er like klare for alle.

Utgangspunkt

Eg vil med ein gong slå fast regjeringa sitt prinsipielle utgangspunkt:

Regjeringa meiner det er svært viktig å halda ved lag ein ikkje-kommersiell allmennkringkastar med eit breitt tilbod av program til heile folket.

Dette tilbodet har ein pris. Målsettinga må følgjast opp med dei naudsynte økonomiske rammevilkåra. Den økonomiske situasjonen i NRK gir oss no tre hovudalternativ:

  1. Vi kan velja å utvida dei økonomiske rammene til NRK – anten gjennom kringkastingsavgifta eller på andre måtar.
  2. Alternativt kan NRK spara inn på mindre viktige område av verksemda. Det er NRK i full gang med. Vi må innsjå at det ikkje er mogleg å stilla krav om at drifta skal gå i balanse og samstundes nekta NRK å kutta i kostnadene.
  3. Det tredje alternativet er å redusera ambisjonsnivået for kva ein lisensfinansiert allmennkringkastar skal vera. Etter mi meining vil dette vera den minst heldige løysinga.

Kva skal NRK vera?

Det offentlege engasjementet i NRK er basert på at NRK har og skal ha ei viktig samfunnsrolle. Dette gjeld både det offentlege eigarskapet, lisensfinansieringa og dei krava som er sette til programverksemda. Når vi skal diskutera spørsmål om offentleg eigarstyring, finansiering og regulering av NRK, er det derfor viktig først å stilla spørsmålet om kva NRK skal vera.

Mediepolitiske mål – Infrastrukturansvaret

Utgangspunktet for den statlege mediepolitikken er å sikra ytringsfridomen som ein føresetnad for eit levande folkestyre. Det har lenge vore brei politisk semje om dette overordna målet. Dette målet var òg utgangspunktet for den førre regjeringa si stortingsmelding om mediepolitikk (St.meld.nr.57 for 2000-2001). Stortinget vil handsama meldinga i april.

Med målsettinga om ytringsfridom markerer regjeringa eit slikt ansvar som Ytringsfridomskommisjonen gjorde framlegg om å grunnlovsfesta: Styresmaktene sitt ansvar for å "lægge Forholdene til Rette for en aaben og oplyst offentlig Samtale". Framlegget til ny § 100 i grunnlova er – saman med fleire alternative utkast – lagt fram for Stortinget som private lovforslag og vil bli handsama i denne stortingsperioden.

Eit anna hovudmål for mediepolitikken er å sikra kulturelt mangfald og eit norskspråkleg medietilbod.

Tanken er at ein godt utbygd og fungerande infrastruktur for formidling av informasjon, nyhende og meiningar er naudsynt for at folk skal ha reell ytringsfridom og for at dei skal kunna ta aktiv del i dei demokratiske prosessane. I moderne samfunn er det i hovudsak massemedia som har denne rolla. På same vis er massemedia i dag ein svært viktig kulturell arena. Her har NRK ei sentral rolle som formidlar av eit breitt spekter av kulturuttrykk.

Ei hovudoppgåve i mediepolitikken er derfor å leggja til rette for utviklinga av eit breitt, mangfaldig og uavhengig mediebilde.

NRK si rolle

Ikkje noko anna medium kan konkurrera med fjernsynet når det gjeld gjennomslag i folket. Heile 82 prosent såg fjernsyn på ein gjennomsnittsdag i 2000. Kvar person såg i snitt 138 minutt. Fjernsynet opptar derfor ein vesentleg del av liva våre, og haldningar og verdiar vert påverka av dei inntrykka vi får gjennom fjernsynet.

NRK hadde sine første radiosendingar i 1933. Sidan den gong har NRK vore ei av dei viktigaste kjeldene til nyhende, informasjon, kultur og underhaldning i Noreg. Eg vil tru at kvar nordmann kan trekkje fram minst ei sending eller eitt innslag i NRK som har gjort varig inntrykk – og som dermed på godt eller vondt har vore med på å forma dei som menneske.

Trass i oppløysinga av kringkastingsmonopolet og det stadig aukande medietilbodet har NRK halde på posisjonen som den europeiske allmennkringkastaren som står sterkast i høve til dei private kommersielle konkurrentane. I løpet av ei veke nytta praktisk talt alle seg av NRK sine program, anten i radio eller i fjernsyn.

Den store slagkrafta til kringkastinga gjer radio og fjernsyn til særleg viktige element i den infrastrukturen som Ytringsfridomskommisjonen legg slik vekt på. Allmennkringkastinga har lenge vore eit av dei viktigaste verkemidla i norsk mediepolitikk. I Noreg har omgrepet tradisjonelt vore synonymt med verksemda i NRK, sjølv om TV2 og P4 òg har krav på seg til å vera allmennkringkastarar.

Den digitale teknologien er no i ferd med å føra til ein eksplosjon i medietilbodet. Ein konsekvens er at det blir fleire og fleire kanalar å senda i. Desse kanalane må fyllast med noko, President. Programproduksjonen har ikkje halde tritt med auken i talet på kanalar. Dette fører til at stadig meir av tilbodet i alle kanalar er prega av angloamerikansk språk og kultur. Ein annan konsekvens er at det blir stadig færre felles møtepunkt og referanserammer i samfunnet. Dei tidene er forbi då vi kunne rekna med at alle såg laurdagsunderhaldninga på NRK. Når informasjonstilbodet aukar dramatisk vil det derfor meir enn nokon gong vera trong og interesse for ei truverdig kjelde til informasjon og underhaldning, på norsk og med grunnlag i norsk kultur og tradisjon.

NRK har eit unikt høve til å vera eit slikt felles haldepunkt. NRK sitt tilbod er tilgjengeleg i heile landet. Lisensfinansieringa gir NRK ein fridom frå kommersielle omsyn som gjer det mogleg å produsera program som reklamefinansierte allmennkringkastarar ikkje kan tilby. Det er derfor mi faste overtyding at NRK òg i framtida vil ha ei viktig rolle i norsk samfunnsliv. Føresetnaden er at vi er villige til å betala det dette kostar.

Styringa av NRK

Debatten om sparetiltaka i NRK har for ein stor del dreidd seg om i kva grad staten kan eller bør styra verksemda gjennom det statlege eigarskapet i NRK AS.

Omdanninga av NRK – frå forvaltningsbedrift, gjennom stifting, til aksjeselskap – har hatt som mål dels å gi NRK handlingsrom for å kunne operera på ein konkurranseutsett marknad. Dels har målet vore å etablera klare ansvarsforhold til politiske styresmakter.

Aksjeselskapsforma byggjer på ei klar rollefordeling mellom eigaren og leiinga av selskapet. Aksjeselskapet er eit eige rettssubjekt. Den allmenne retten til å gi instruksar som politiske styresmakter har i høve til statsforvaltninga, gjeld derfor ikkje. I statsaksjeselskapa er det styret og administrasjonen som tar avgjerder om både strategi og drift. I NRK har styret likevel ikkje ansvaret for den daglege programverksemda. Dette ansvaret ligg etter kringkastingslova til kringkastingssjefen aleine. Han har ei dobbeltrolle som direktør for selskapet og ansvarleg redaktør for programma.

Sjølv om NRK er ei lisensfinansiert og ikkje-kommersiell verksemd, konkurrerer NRK i nokre høve med kommersielle kanalar. Innanfor konkurranseutsett verksemd er det svært viktig at selskapa kan ta raske avgjerder. Det å venta på at eigaren – og eventuelt Stortinget – skal ta avgjerda, er tidkrevjande og gjer selskapet lite fleksibelt.

Som lisensfinansiert allmennkringkastar har NRK ei viktig samfunnsoppgåve. Det er å levera eit tilbod som kommersielle konkurrentar ikkje i same grad kan tilby. Derfor er det òg knytta legitim politisk interesse til sjølve produktet – programtilbodet.

Samstundes er NRK ei redaksjonell verksemd som har viktige oppgåver i høve til å sørga for ein fri og open samfunnsdebatt, mellom anna for samfunnskritikk og kontroll med politiske styresmakter. NRK er det redaksjonelle mediet i Noreg som har størst gjennomslagskraft. Det er derfor stor grunn til å vera varsam med politisk styring og kontroll av NRK, særleg i redaksjonelle spørsmål. Av omsyn til tilliten til NRK som uavhengig kjelde til nyhende og informasjon, er det svært viktig med klare ansvarsliner i verksemda og klare grenser for politisk styring.

For å konkludera, President,

  • Utgangspunktet må vera – for NRK som for andre statseigde aksjeselskap – at staten si styring skjer på eit overordna nivå. Innanfor rammene av allmennkringkastingsoppdraget må styret og leiinga i selskapet ha stort handlingsrom.
  • Avgjerder som har direkte og vesentlege konsekvenser for sjølve allmennkringkastingstilbodet er derimot ei politisk sak. I slike høve vil vedtektene stilla krav om at saka blir lagt fram for generalforsamlinga til handsaming. Dersom det skulle bli aktuelt med vidtfemnande endringar, vil Kultur- og kyrkjedepartementet leggja saka fram for Stortinget dersom dei får konsekvensar for programtilbodet.
  • All styring må skje med respekt for NRK si rolle som redaksjonell verksemd. Spørsmål om redaksjonell profil og innhaldet i konkrete program ligg under redaktøransvaret og skal ikkje handsamast i politiske organ.

I praksis vil dette seia at spørsmål som gjeld intern drift og organisering, til dømes av redaksjonar eller distriktskontor, må liggja innanfor det styret og leiinga i NRK sjølv har fridom til – og ansvar for – å avgjera. Føresetnaden må vera at endringane ikkje svekker sjølve programtilbodet på område som ligg sentralt i allmennkringkastaroppgåva.

Det er derfor viktig å skilja mellom, på den eine sida, dei overordna prinsippa for allmennkringkastaroppdraget og, på den andre sida, korleis NRK vel å organisera seg og driva selskapet for å oppfylla dette oppdraget. Det første er ei politisk sak, det andre er det ikkje. Dette skiljet har kanskje ikkje vore like klart for alle.

Ut ifrå dette er det mi vurdering at dei konkrete sparetiltaka som NRK no har sett i verk, ikkje skal handsamast politisk – korkje av meg som generalforsamling eller av Stortinget. NRK må ha fridom til å gjennomføra den naudsynte omlegginga på ein måte som i minst mogleg grad går ut over kjerneverksemda og oppgåvene som allmennkringkastar.

Økonomi

Den økonomiske stoda i NRK

Som kjent er den økonomiske stoda i NRK vanskeleg. I perioden frå NRK vart omdanna til aksjeselskap i 1996 og fram til i dag har NRK gått med driftsunderskot kvart einaste år. For å redusera underskotta har NRK årleg nytta finansinntekter og ekstraordinære inntekter. NRK har med andre ord selt unna verdiar og nytta inntektene for å redda den ordinære drifta. Til dømes selte NRK i 1999 eigardelen sin i Norkring, selskapet som eig og driv det landsdekkjande analoge sendarnettet. I dag, når NRK skal kjempa for å sikra seg ein plass i eit digitalt bakkenett, kan vi stilla spørsmålsteikn ved kor framsynt dette salet var.

Dette vitnar om for dårleg styring, President. Når det er sagt vil eg òg understreka at NRK har tatt ein del viktige strategiske val for å sikra NRK sin posisjon som allmennkringkastar i framtida.

Eit selskap som gjennom kringkastingsavgifta er sikra pålitelege og stabile inntekter må kunna tilpassa utgiftene til desse. Generalforsamlinga har dei siste åra gitt pålegg om at drifta skal gå i balanse. For 2001 ser det ut som NRK skal klara dette. Men NRK er framleis ikkje heilt i mål. For 2002 har NRK varsla at selskapet igjen vil gå med underskot. Årsaka til dette er at ei rekkje av dei innsparingstiltaka som NRK no set i verk først vil gi innsparingar frå og med 2003. Frå 2003 reknar styret med at kostnadene vil vera på nivå med inntektene. Dette føreset at NRK gjennomfører dei sparetiltaka som er naudsynte for å redusera kostnadene.

Samstundes må vi ikkje gløyma kva NRK har oppnådd med lisenspengane i desse åra. NRK har gjennom 1990-åra auka program- og kanaltilbodet vesentleg. NRK sender i dag tre radiokanalar og to fjernsynskanalar til dei fleste av oss. Ein oversikt frå NRK viser at sidan 1990 er talet på sendetimar dobla i radioen og nær tredobla i fjernsynet. I same periode har kostnaden for kvar sendetime gått ned vesentleg. NRK har i denne perioden også etablert fleire andre tilbod, mellom anna over Internett.

NRK sitt hovudformål er ikkje – og skal heller ikkje vera – å tena pengar, men å nytta lisensmidlane til å produsera allmennkringkasting. Likevel – tre milliardar kroner er mykje pengar, og vi må kunna stilla krav til NRK om at desse pengane blir nytta så effektivt som mogleg. Eg reknar det som sjølvsagt at NRK – som statleg finansiert verksemd – til kvar tid vel dei mest rasjonelle tekniske løysingane, dei minst arbeidskrevjande arbeidsmetodane og den mest effektive organiseringa av verksemda. I arbeidet med å tilpassa verksemda til den nye tida er det òg viktig at NRK ikkje ukritisk utvidar i alle retningar, men konsentrerer innsatsen om kjerneverksemda.

President, det at NRK no gjennomfører fleire effektiviserings- og innsparingstiltak er eit steg i rett retning. Regjeringa legg til grunn at den rasjonaliseringa som no er sett i gang i NRK må førast vidare. Vi vil leggja til rette for at NRK kan utvikla seg til ei moderne og effektiv medieverksemd. Eg vil bidra til dette arbeidet mellom anna gjennom tett og kritisk oppfølging av NRK si økonomistyring i generalforsamlinga.

NRK står framfor store utfordringar i åra som kjem, særleg på grunn av den digitale utviklinga. Mellom anna gjeld det kostnader knytta til digitalisering av arkiva, etablering av nye programtilbod i radio og fjernsyn og parallelle digitale og analoge sendingar. NRK vil i dei nærmaste åra truleg oppleve ein kostnadsauke ut over den forventa pris- og lønnsveksten. Årleg justering av kringkastingsavgifta tilsvarande pris- og lønnsvekst vil derfor ikkje vera nok.

Vi står no framfor eit val som vil få vesentlege konsekvenser for NRK si rolle i framtida. Dersom NRK framleis skal vera ein sterk allmennkringkastar, er det avgjerande at verksemda får stabile og betra økonomiske rammevilkår.

Verkemiddel

Den viktigaste inntektskjelda til NRK er i dag kringkastingsavgifta. Avgifta utgjer om lag 92 prosent av inntektene.

NRK kan òg driva forretningsverksemd. Potensialet for å auka dei kommersielle inntektene til NRK er likevel avgrensa, mellom anna fordi det er sett klare grenser for den kommersielle drifta: Det allmenne programtilbodet må vera reklamefritt. Overskottet frå den forretningsmessige verksemda må nyttast til å finansiera programproduksjon og programkjøp. Kringkastingsavgifta kan ikkje nyttast til å subsidiera forretningsverksemda. I tillegg må NRK ta omsyn til born i den kommersielle verksemda – særleg når det gjeld sal av produkt knytt til barneprogram. Det er viktig at NRK er sitt ansvar bevisst i slike saker. Som offentleg finansiert kringkastar har NRK fridom til å leggja vekt på andre omsyn enn kommersielle kringkastarar.

Eg legg til grunn at det ikkje er aktuelt med utvida reklamefinansiering av NRK.

President, det er ei klar vilje i Regjeringa til å gje NRK stabile og gode økonomiske rammevilkår.

Slik eg ser det har vi i tre alternativ; anten å auka inntektene til NRK direkte gjennom ei heving av kringkastingsavgifta, å redusera kostnadene til NRK gjennom endringar i avgiftssystemet eller ved ekstraordinære løyvingar til NRK over statsbudsjettet.

Dei seinare åra har Stortinget justert kringkastingsavgifta etter pris- og lønsveksten. Ei eventuell auke ut over dette er blitt vurdert særskilt ut ifrå kostnadssituasjonen det aktuelle året. I andre land er ordninga annleis. I Danmark inngår eit fleirtal i Folketinget bindande mediepolitiske forlik der nivået på lisensen blir fastlagd for dei neste fire åra. Eitt alternativ kan derfor vera ein planlagd og gradvis auke av kringkastingsavgifta etter modell av den danske ordninga. Dette vil gi NRK stabilitet og verdifullt spelerom i det tidsskiftet som verksemda no er inne i.

I dag blir det ikkje rekna meirverdiavgift av kringkastingsavgifta. NRK får derfor heller ikkje frådrag for inngåande avgift på kjøp. Dette gir NRK årlege kostnader på om lag 195 mill. kroner. Det fører òg til at ein stor del av NRK sine støttetenester og produksjonsapparat blir skjerma frå konkurranse, og dermed at kjøp av tenester eksternt blir lite lønsamt. I andre europeiske land er det fleire ulike døme på korleis momsreglane er utforma. Danmark har ein modell der allmennkringkastaren er momspliktig med full sats (25 prosent). Finland har ein modell der allmennkringkastaren er momspliktig med ein redusert sats (8 prosent). I båe landa er det såleis fullt frådrag for inngåande moms. Sverige vurderer òg ein liknande modell. I Storbritannia er allmennkringkasting ikkje momspliktig, og har heller ikkje frådragsrett for inngåande moms. Det er likevel ei ordning med kompensasjon for inngåande moms. Denne ordninga er ikkje del av momssystemet. Fleire modellar kan her tenkjast – med ulike konsekvensar for kostnadssituasjonen i NRK, belastninga på lisensbetalarane og avgiftsprovenyet til staten.

Regjeringa vurderer no fire alternativ: lisensauke, 0-moms for NRK, full moms og ei ordning med momsrefusjon. Regjeringa har ikkje trekt nokon endeleg konklusjon, men kjem attende med konkrete framlegg i samband med statsbudsjettet.

Allmennkringkastingsoppdraget

Presisering

I dag er NRK sitt oppdrag som allmennkringkastar lite presist definert. I kringkastingslova er det heilt enkelt slått fast at Norsk rikskringkasting AS skal driva allmennkringkasting og verksemd som har samanheng med dette.

EU-Kommisjonen har varsla at det vil bli stilt krav til statleg finansiering av allmennkringkastarar. Vilkåra vil vera at allmennkringkastingsoppdraget er klart definert og at oppdraget har ei klar rettsleg forankring. Det vil òg bli stilt krav om eit kontrollsystem som er uavhengig av allmennkringkastaren for å sjå til at oppdraget vert oppfylt. Gjennom EØS-avtalen vil desse krava vera bindande for Noreg.

Det er no naudsynt å gi ein meir presis definisjon kva for oppgåver NRK skal ha. Ikkje berre av omsyn til EØS-avtalen, men mest av omsyn til lyttarane og sjåarane, President. Det vil vera ein klar fordel at publikum veit kva for tilbod dei kan krevja frå NRK. Eg har derfor sett i gang eit arbeid med å avgrensa og definera allmennkringkastingsoppdraget.

Hovudprinsipp

Eg vil ikkje her og no gå i detalj om dette arbeidet. Eg vil likevel nemne nokre hovudprinsipp som må stå sentralt i definisjonen av allmennkringkasting:

Aktiv deltaking i politikk og samfunnsliv krev kunnskap og innsikt. Kunnskap og innsikt krev eit breitt tilfang av informasjon. Ein viktig del av oppdraget må derfor vera å gi det norske folket eit breitt tilbod av nyhende, aktuell informasjon og kulturstoff med utgangspunkt i deira røyndom.

For distrikta er NRK sine distriktssendingar med radio og fjernsyn ein svært viktig del av informasjonstilbodet. Eg vil derfor understreka at det er naudsynt at NRK held ved like eit godt distriktstilbod i heile landet.

På den andre sida er det liten nytte i eit breitt innhaldstilbod dersom folk ikkje kan ta det inn. Kravet til allmennkringkasting må her liggje fast: Heile folket må sikrast tilgang til kringkastingstilbodet. Dette må vera eit viktig prinsipp ved overgangen til digital distribusjon.

Å fremja norsk språk og kultur har òg vore viktige deler av oppdraget til NRK. Til dømes har NRK sine distriktssendingar ei viktig språkpolitisk rolle i nynorskfylke. Folk har i praksis grenselaus tilgang til utanlandske medium gjennom Internett og utanlandske fjernsynskanalar. Det gjer at dette i framtida må bli ein enda meir sentral del av verksemda i NRK.

Distribusjon

President, overgangen frå analog til digital distribusjon har vore eit viktig element i debatten kring NRK si framtid.

Hausten 1999 handsama Stortinget meldinga om digitalt fjernsyn. Stortinget gjekk då inn for at utbygging og finansiering av eit digitalt bakkenett for fjernsyn skal byggja på etterspurnad etter kapasitet i marknaden, og ikkje vera ei statleg oppgåve. Andre føresetnader frå Stortinget var mellom anna at norske allmennkringkastarar må sikrast kapasitet, at nettet blir riksdekkjande og at det meste av kapasiteten i nettet skal nyttast til fjernsyn. Førebels er det sett av frekvensar til eit bakkenett med kapasitet motsvarande 15-18 fjernsynskanalar. Denne frekvenskapasiteten er sett av til fjernsynssendingar, men kan òg formidla andre elektroniske kommunikasjonstenester, så som tele- og datatenester. Samferdsle- og Kultur- og kyrkjedepartementet har saman utarbeidd eit opplegg for utlysing og tildeling av konsesjonar i eit slikt nett .

Det er ein føresetnad frå Stortinget at NRK sine digitale sendingar på sikt skal dekkja heile folket. NRK kan ikkje skru av dei analoge sendingane sine før dei digitale sendingane har ein tilfredsstillande dekningsgrad og det store fleirtalet av sjåarane har skaffa seg naudsynt mottakarutstyr. Ei rask utbygging av eit digitalt bakkenett kan gjera at tilnærma alle sjåarar får eit tilbod om digitalt fjernsyn, og dermed gjera perioden med parallelle sendingar kortare. Dette vil redusera distribusjonskostnadene til NRK vesentleg og gjera verksemda betre i stand til å møta dei mange utfordringane som følgjer overgangen til digitalt fjernsyn. Eit digitalt bakkenett er òg den einaste realistiske måten for å få til digital utsending av NRK sitt distriktstilbod . Eit anna viktig omsyn er at NRK må kunna ivareta sine beredskapsoppgåver.

I stortingsmeldinga om mediepolitikk som den førre regjeringa la fram i fjor haust, vart det lagt opp til ein modell der kapasiteten i nettet vart tildelt dei som tilbyr dei ulike tenestene, primært kringkastarar. Desse skulle så samarbeide om å byggja ut og driva nettet.

Røynsler frå andre land tyder på at denne modellen ikkje er den beste, President. Til dømes har Sverige valt denne modellen, og der går det seint med oppslutninga i folket. Storbritannia har valt ein modell der den kapasiteten som ikkje er sett av til allmennkringkastarane blir disponert av eitt selskap, som så deler kapasiteten ut til andre i samsvar med retningsliner frå styresmaktene. I Finland og Portugal vil dei følgja dette mønsteret.

Post- og teletilsynet og Statens medieforvaltning har klart tilrådd å velja den same modellen i Noreg.

Ut frå dette vurderer regjeringa om det bør leggjast opp til dei same prinsippa i Noreg, noko som vil innebera at kapasiteten vil bli tildelt ein aktør som vil få konsesjon etter kunngjering.

Denne aktøren vil så fordela kapasiteten etter forretningsmessige prinsipp, men samstundes basert på kultur-, medie- og telepolitiske prinsipp som regjeringa vil fastsetja. I desse prinsippa vil det mellom anna bli lagt til grunn at

  • Ein tredel av kapasiteten i nettet skal vera landsdekkjande. Denne kapasiteten skal reserverast for allmennkringkastarane.
  • Lokal-TV må sikrast kapasitet.
  • To tredelar av kapasiteten vil bli bygt ut til å dekkja ein så stor del av folket som marknaden gir grunnlag for.
  • Kapasiteten i nettet skal først og fremst nyttast til fjernsyn. Delar av kapasiteten vil bli nytta til andre formål, til dømes data- og teletrafikk. Eit digitalt bakkenett kan òg nyttast for tovegs breibandstilknyting til Internett.
  • Uvissa om lønsemda i eit digitalt bakkenett gjer det uaktuelt å krevje inn nokon form for konsesjonsavgift.

Regjeringa har ikkje konkludert endeleg, president. Vi vil no senda dette opplegget på allmenn høyring. Når vi har fått inn alle synspunkt, vil det bli tatt endeleg stilling. Parallelt med høyringa vil vi òg greia ut alternative distribusjonsformer.

Fargefjernsyn

President,

Den 10. desember 1971 fatta Stortinget følgjande vedtak:

"Norsk rikskringkasting kan setje i gang systematiske prøvesendingar for fargefjernsyn frå årsskiftet 1971/72 med sikte på igangsetjing av regulære sendingar om 3 år."

Eg konstaterer at vi no faktisk framleis har fargefjernsyn, utan at det er fatta noko vedtak om ei permanent ordning. Og eg reknar med, President, at det ikkje skulle vera naudsynt med noko nytt formelt vedtak, med mindre fleirtalet i denne salen meiner noko anna. Dersom det skulle vera ynskje om det, kjem eg sjølvsagt attende med framlegg til vedtak.

Eg ser fram mot ein spanande debatt om NRK si framtid, President. Eg vonar debatten ikkje berre blir ført her i salen, men i media og ikkje minst hjå folk flest.

Link til pressemelding 28.02.2002