Historisk arkiv

ErgoEphorma ny systemleverandør for Valnatt 2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

KRD har gjort ein avtale med ErgoEphorma om utvikling av valnattdatabasen for kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2003 og stortings- og sametingsvalet i 2005. Avtalen gjer at staten sparer mykje samanlikna med tidlegare val.

Pressemelding

Nr.: 112/2002
Dato: 05.11.2002

ErgoEphorma ny systemleverandør for Valnatt 2003

Kommunal- og regionaldepartementet har gjort ein avtale med ErgoEphorma om utvikling av valnattdatabasen for kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2003 og stortings- og sametingsvalet i 2005. Avtalen gjer at staten sparer mykje samanlikna med tidlegare val.

Valnattdatabasen er eit system for innsamling, redigering, prognosar og vidareformidling av valresultata til media etter førebels oppteljing i kommunane valkvelden og valnatta. Nytt denne gongen er at også dei endelege resultata skal rapporterast til systemet.

Tidlegare har NTB og IBM samarbeidd om utvikling og drift av valnattsystemet. Etter anbodskonkurranse fekk IBM oppdraget om utvikling av databasen for vala i 1999 og 2001. Departementet la i år på nytt ut oppdraget om utvikling på anbod i heile EØS-området. ErgoEphorma kom med det beste økonomiske tilbodet.

- Den prisen departementet betaler for utviklinga av valnattdatabasen for dei to neste vala, er mykje lågare enn for dei to siste vala. Dette viser at vi kan spare mykje på konkurranseutsetjing, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.