Historisk arkiv

Vekst i frie inntekter for kvar einskild kommune og fylkeskommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 147/2003
Dato: 08.10.2003

Statsbudsjettet 2004

Vekst i frie inntekter for kvar einskild kommune og fylkeskommune

Introduksjon til lesing av tabellane i "Grønt hefte":
Inntektssystemet 2004 for kommunar og fylkeskommunar
Utrekningsteknisk dokumentasjon til St.prp. nr. 1 (2003-2004)

Frå 2003 til 2004 er det på landsbasis ein nominell vekst i dei frie inntektene til fylkeskommunane og kommunane på høvesvis 5,4 og 4,3 prosent. Veksten kjem i tillegg til 550 millionar kroner i auka stønad til særleg ressurskrevjande brukarar og 240 millionar kroner i auka kompensasjon for meirutgifter til skulepake II. Overslaget for dei frie inntektene til (fylkes)kommunane i 2003 er korrigert for oppgåveendringar m.m. Føremålet med å korrigere for oppgåveendringar er å gjere det mogleg å samanlikne tala for dei to åra. Prisveksten for kommunesektoren er overslagsvis sett til 3,25 prosent frå 2003 til 2004.

I vedlegg 1 og 2 følgjer overslag over veksten i frie inntekter 2003-2004 for kvar einskild kommune og fylkeskommune. Frie inntekter er her definerte som skatt på inntekt og formue og rammetilskot. Ved utrekninga av skatteinntektene til (fylkes)kommunane i 2003 og 2004 har departementet teke utgangspunkt i skatteinntektene til (fylkes)kommunane i 2002. Desse inntektene er framskrivne i samsvar med skatteoverslaga som ligg i nasjonalbudsjettet for 2004. Kolonne 1 i vedlegga viser overslag over dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane i 2004. Kolonne 2 viser veksten frå 2003 til 2004. Kolonne 3 viser veksten i kroner per innbyggjar frå 2003 til 2004. Kolonne 4 viser veksten i prosent frå 2003 til 2004.

Ulik vekst mellom kommunane frå 2003 til 2004 kan ha mange årsaker. Dei viktigaste vil vere desse:

  • verknadene av endringar som blir gjennomførte i inntektssystemet (medrekna avvikling av ekstraordinært skjønn, innføring av nye busetjingskriterium, opptrapping av skattedelen, auka inntektsutjamning, innføringa av ny delkostnadsnøkkel for sosialhjelp og ny delkostnadsnøkkel for miljø og landbruk
    • endringar i skjønnstildelinga
    • endringar i kriteriedata.

Ulik vekst mellom fylkeskommunar frå 2003 til 2004 kan ha fleire årsaker. Dei viktigaste vil vere

  • verknaden av endringar som blir gjennomførte i inntektssystemet (medrekna avvikling av ekstraordinært skjønn og opptrapping av skattedelen)
  • verknadene av sjukehusreforma
  • verknaden av oppgåveendringane innan barnevern, familievern og rusområdet
  • endringar i tildelinga av ordinært skjønn
  • endringar i kriteriedata.

Innbyggjartilskotet med utgiftsutjamning og inntektsutjamning skal i 2004 byggje på innbyggjartal per 01.01.2004. I utrekningane som blir presenterte her, er innbyggjartilskotet basert på innbyggjartal per 01.01.2003, sidan innbyggjartal per 01.01.2004 ikkje ligg føre enno. Kvar einskild (fylkes)kommune må sjølv lage eit overslag over kor mykje meir/mindre dei reknar med å få i frie inntekter når nyare innbyggjartal blir lagde til grunn for innbyggjartilskotet.

Sjå tabellar i " Grønt hefte".