Historisk arkiv

Oppnemning av medlemmer til Utlendingsnemnda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet har i dag oppnemnd 250 medlemmer til Utlendingsnemnda (UNE). (17.12.2004)

Pressemelding

Nr.: 194/2004
Dato: 17.12.2004

Oppnemning av medlemmer til Utlendingsnemnda

Kommunal- og regionaldepartementet har i dag oppnemnd 250 medlemmer til Utlendingsnemnda (UNE). Nemndmedlemmene skal dei neste fire åra vere med å avgjere klager i asyl- og andre utlendingssaker som først er behandla i Utlendingsdirektoratet.

Halvparten av nemndmedlemmene (125) er oppnemnde etter forslag frå humanitære organisasjonar. Den andre halvparten er oppnemnde etter forslag frå Utanriksdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Juristforbundet. Det har kome inn ein del nye nemndmedlemmer, dessutan er det teke omsyn til at minst 40 prosent er av kvart kjønn og at det er ei geografisk spreiing blant nemndmedlemmene. Det er vidare eit krav at alle er norske borgarar.

- Utlendingsnemnda blei oppretta i 2001. Vi er svært godt fornøgde med det arbeidet som nemnda har gjort desse fire åra. Dei sakene som byr på vesentlege tvilsspørsmål blir avgjorde i nemnda. Nemndmedlemmene er viktige for at vanskelege asylsaker og andre utlendingssaker får eit korrekt resultat, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Liste over medlemmene (PDF)