Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Endring av utlendingslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 19.08.2005

Regjeringa har i dag lagt fram ein odelstingsproposisjon med forslag om tiltak som skal motverke tvangsekteskap, verne særleg utanlandske kvinner mot valdelege menn i Noreg i saker om familieetablering og mot arbeidsgjevarar som grovt eller gjentekne gonger bryt reglar som skal verne om lønns- og arbeidsvilkåra for utanlandske arbeidstakarar. (19.08.2005)

Pressemelding

Nr.: 183/2005
Dato: 19.08.2005

Endring av utlendingslova

Regjeringa har i dag lagt fram ein odelstingsproposisjon med forslag om tiltak som skal motverke tvangsekteskap, verne særleg utanlandske kvinner mot valdelege menn i Noreg i saker om familieetablering og mot arbeidsgjevarar som grovt eller gjentekne gonger bryt reglar som skal verne om lønns- og arbeidsvilkåra for utanlandske arbeidstakarar.

- Forslaga er ei oppfølging av enkelte forslag frå utvalet som la fram NOU 2004:20 Ny utlendingslov. Det er tale om utvalte forslag som vi har ynskt å prioritere for gjennomføring allereie i gjeldande utlendingslov, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

- Av dei forslaga som skal motverke tvangsekteskap, er forslaget om ei ny obligatorisk intervjuordning den praktisk viktigaste. Ordninga går ut på at den som har gifta seg i utlandet med ein som er busett i Noreg, ikkje får opphaldsløyve her før ektemaken har returnert til Noreg og har vore til intervju hos myndigheitene, med mindre eit intervju blei gjennomført før utreisa. Formålet med dette forslaget er i første rekkje å motverke at nokon blir lurte med på ”ferie” til utlandet og så blir pressa til å gifta seg mot sin vilje, seier statsråd Solberg.

Som tiltak for å verne særleg utanlandske kvinner mot valdelege menn i saker om familieetablering, har departementet foreslått ein ny regel som fastset at politiet kan foreta kontroll med vandelen til den som bur i Noreg og at opphaldsløyve kan bli nekta dersom det er sannsynleg at den utanlandske ektemaken eller eventuelle barn vil bli mishandla eller grovt utnytta.

- Forslaget inneber ikkje at man innfører noko spesielt krav til vandel for å kunne hente ektefelle til Noreg, men forslaget gjer det mogleg for UDI å gripe inn i dei tilfella det er sannsynleg at søkjaren vil bli mishandla eller grovt utnytta, understrek statsråden.

  • Ot.prp. nr. 109 (2004-2005)
    Om lov om endringer i utlendingsloven (beskyttelse mot tvangsekteskap og mishandling i ekteskap og vern av utenlandske arbeidstakeres lønns- og arbeidsvilkår mv.)
Til toppen