Historisk arkiv

Framleis realvekst i inntektene i kommunesektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 226/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjett 2006

Framleis realvekst i inntektene i kommunesektoren

Regjeringa legg opp til ein realvekst i inntektene i kommunesektoren på 2,9 milliardar kroner i 2006.

– Kommunane får meir pengar til skole, barnehagar og psykiatri i 2006, seier kommunal‑ og regionalminister Erna Solberg.

1,9 milliardar kroner av inntektsveksten er frie inntekter. Veksten er fordelt med 1350 millionar kroner på kommunane og 550 millionar kroner på fylkeskommunane. Det gir ein noko sterkare relativ vekst for fylkeskommunane enn for kommunane. Årsaka er den sterke veksten i elevtalet i vidaregåande opplæring.

Av veksten i dei frie inntektene til kommunane er 400 millionar kroner kompensasjon for meirutgifter til utskifting av læremiddel i samband med reforma i grunnopplæringa ( Kunnskapslyftet).

Øyremerkte tilskot til barnehagar aukar med om lag 1,1 milliardar kroner. Det vil gi rom for 7600 nye barnehageplassar i 2006. Øyremerkte tilskot til opptrappingsplanen for psykisk helse aukar med 400 millionar kroner.

I Sem-erklæringa forplikta regjeringa seg til å styrkje kommuneøkonomien og syte for realvekst i inntektsrammene for kommunesektoren. – Den lovnaden har vi halde, seier Erna Solberg. I perioden frå 2002 til 2005 har realveksten i dei samla inntektene i kommunesektoren vore på 1,8 prosent i gjennomsnitt pr. år, medan realveksten i dei frie inntektene har vore på 1,0 prosent i gjennomsnitt pr. år.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.