Historisk arkiv

Hundre innspel etter idédugnad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Artikkel i KRD-nyt nr. 5 2002.

Hundre innspel etter idédugnad

Mindre detaljstyring og større tillit, er bodskapen frå ordførarane etter idédugnad hos kommunal- og regionalministeren.

Rundt 100 innspel har kome inn etter at statsråd Erna Solberg heldt idédugnad i Oslo i september. 20 ordførarar og rådmenn var inviterte for å leggje fram forslag til forenklingar i det statlege regelverket som gjeld kommunesektoren.

Frie fullmakter
For å femne vidare enn dei 20 som var inviterte, oppmoda kommunal- og regionalministeren i tillegg alle ordførarar til å kome med tre forenklingsforslag kvar. Innfallsvinkelen var slik: ”Dersom eg var kommunalminister for éin dag med frie fullmakter til å fjerne reglar, kva for tre reglar ville eg ha fjernast først?”

Statsråden ønskte med det å få på bordet ei oversikt over reglar som ut frå eit kommunesynspunkt hindrar effektiv drift og politisk styring i kommunane og fylkeskommunane. Statsråden er takksam for den store responsen.

Færre detaljar, takk
Ikkje overraskande fortel mange av forslaga at kommunane ønskjer mindre detaljstyring og rapportering, og mindre bruk av øyremerkte tilskot. Kommunane ønskjer større rammeløyvingar, slik at den enkelte kommune kan prioritere ut frå lokale behov. Kommunane ønskjer at departementet skal ha tillit til kommunane og respekt for at oppgåver blir løyste forskjellig ut frå lokale forhold. Dei seier også at det har vore alt for mange tidkrevjande og dyre reformer på kort tid. Mange ønskjer ei reformpause.

All den rapporteringa
I dei mange forslaga som kom inn, går nokre problemstillingar igjen:

  • Lovsperrer mot interkommunalt samarbeid bør fjernast.
  • Retningslinjer må ikkje lagast slik at dei i praksis framstår som minimumsstandardar. Dei mange rundskriva er også eit problem.
  • Tekniske krav og arealkrav gir administrativt meirarbeid og dyrare løysingar. Lovreglar som stiller krav om bestemte fagstillingar, bør opphevast.
  • Rapportering til regional statsforvaltning og departement: Det bør vere opp til kvar enkelt kommune kor mykje ein vil rapportere ut over KOSTRA-data. Ingen sektordepartement bør få høve til å påleggje kommunane slike rapportar. All rapportering om små midlar frå staten til kommunane, til dømes under 100 000 kroner, bør fjernast.
  • Det er meiningslaust med plankrav frå ulike statlege hald nesten rett etter kvarandre. Plankrava må samordnast. Det er altfor store krav til dokumentasjon når det gjeld statlege overføringar, spesielt øyremerkte.
  • Større statleg tilsyn gjer forenkling vanskelegare. Tilsynet må vere meir samordna og ikkje så oppdelt. Fleire av tilsyna ser for mykje på detaljar. I staden bør dei sjå på kvalitet, hjelp og assistanse til kommunane. Hovudproblemet er ikkje tilsyn og kontroll, men mengda av tilsynsorgan. Fylkesmannen bør samordne. Tilsyn, rettleiing og politikkformidling bør vere samla.
  • Svært mange av innspela gjeld forenklingar i regelverket om opplæring.
  • Mange tek også opp at det bør skje ei samordning mellom kommunehelselova og sosialtenestelova.

Dialog
Kommunal- og regionaldepartementet vil jobbe vidare med innspela i ein dialog med dei departementa det gjeld. Arbeidet skal omtalast i kommuneproposisjonen til våren.

Brevet som ble sendt ut til alle landets ordførere.

Disse kommunane har svart. (PDF-format)