Historisk arkiv

Trygg mat, kvalitet og forbrukaromsyn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruksdepartementet

Det er ei hovudoppgåve for Landbruksdepartementet å sikre borgarane trygge matvarer av god kvalitet. Etablering av eit felles mattilsyn for landbasert og sjøbasert matproduksjon er eit viktig og avgjerande steg i så måte, seier landbruksminister Lars Sponheim. - Debatten om mat, både nasjonalt og internasjonalt, ber meir og meir preg av ein verdidebatt. Forbrukarane syner aukande interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett. Slike omsyn må liggje i botnen når politikken blir forma, og forbrukarane må få høve til å vere med å utforme politikken, seier Sponheim. (03.10. 02)

Pressemelding

Nr.: 36
Dato: 03.10.2002

Kontaktperson:
Landbruksminister Lars Sponheim. Tlf. 22 24 91 00 / 93 06 35 94
Statssekretær Leif Helge Kongshaug. Tlf. 22 24 91 02 / 93 06 36 42
Kst. Ekspedisjonssjef Randi Kogstad. Tlf. 22 24 91 40 / 97 51 23 76
Prosjektleder Rolf Gran. Tlf. 22 24 92 10 / 48 09 97 49

Landbruksdepartementets budsjett 2003:

Trygg mat, kvalitet og forbrukaromsyn

- Det er ei hovudoppgåve for Landbruksdepartementet å sikre borgarane trygge matvarer av god kvalitet. Etablering av eit felles mattilsyn for landbasert og sjøbasert matproduksjon er eit viktig og avgjerande steg i så måte, seier landbruksminister Lars Sponheim. - Debatten om mat, både nasjonalt og internasjonalt, ber meir og meir preg av ein verdidebatt. Forbrukarane syner aukande interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett. Slike omsyn må liggje i botnen når politikken blir forma, og forbrukarane må få høve til å vere med å utforme politikken, seier Sponheim.

Den auka internasjonaliseringa i samfunnet med m.a. auka reiseverksemd og endringar som følgje av Noreg si tilknyting til EU og WTO, har skapt nye faglege og forvaltningsrelaterte utfordringar på matområdet. Dei tre matdepartementa; Helsedepartementet, Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet, har sett i gang eit arbeid for å tilpasse regelverket og organiseringa av tilsynsverksemda til desse utfordringane.

Ny matlov

Helsedepartementet har ansvar for arbeidet med ei ny matlov. Den nye matlova vil femne om verkeområdet til ei rekkje av lovene vi har på matområdet i dag og såleis representere ei monaleg forenkling av regelverket. Den nye matlova skal òg vere tilpassa relevant internasjonalt regelverk. Departementa vil vurdere om lova skal femne om heile matkjeda frå jord og fjord til bord.

Vitskapskomité

Det er særs viktig at forbrukar og næringsutøvar har tillit til vedtaka som blir fatta. Opne, uavhengige og etterrettelege prosessar vil medverke til det. Departementa vil derfor etablere eit tydelegare skilje mellom dei ulike prosessane og aktørane som har roller i risiokoanalysen. Det vil bli etablert ein vitskapskomité som skal dekkje matforvaltninga sine behov for vitskapleg baserte risikovurderingar. Den nye vitskapskomiteen skal organiserast uavhengig av Mattilsynet som på si side skal ha ansvar for risikohandteringa. Kva risikonivå som skal aksepterast blir fastsett av styresmaktene etter samråd med forbrukarane.

Eitt felles mattilsyn

Det skal etablerast eit felles mattilsyn for sjøbasert og landbasert matproduksjon.

Statens næringsmiddeltilsyn, Statens landbrukstilsyn og Statens dyrehelsetilsyn samt Fiskeridirektoratet sitt tilsyn med sjømat og næringsmiddeltilsynet som i dag blir utført av dei kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyna vil såleis bli samordna i eit nytt statleg tilsyn. Ein tek sikte på å etablere det nye tilsynet frå 2004. Samordninga skal gi eit kvalitativt betre og meir effektivt tilsyn og på sikt gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst.

Det nye mattilsynet skal organiserast med tre ledd. Eit sentralt ledd, eit regionalt ledd og eit lokalt ledd. Mattilsynet vil få 8 regionar og 50-65 lokalkontor. Hovudkontoret blir lokalisert i Oslo. Hovudkontoret skal ha ei bemanning på omlag 100-120 personar. Dette vil medføre ein vesentleg reduksjon i høve til talet på tilsette som arbeider sentralt i dei tre tilsyna.

Matpolitiske forbrukarpanel

Landbruksdepartementet vil involvere forbrukarane i utforminga og iverksetjinga av matpolitikken. Det blir derfor oppretta matpolitiske forbrukarpanel som skal gi råd til styresmaktene om m.a. kva risikonivå som skal godtakast. I tråd med Landbruksmeldinga har departementet utarbeidd ein handlingsplan for forbrukarorientering av mat- og landbrukspolitikken

Stortingsmelding om dyrehald og dyrevelferd

Sterkare fokusering på ulike sider av dyrehaldet og større erkjenning i samfunnet av at dyr har krav på verdig liv, tilpassa den enkelte art, gjer at dyrevelferd må takast på alvor. Regjeringa vil derfor leggje fram ei stortingsmelding om dyrehald og dyrevelferd hausten 2002. Meldinga vil ta for seg dei ulike sidene med dyrehaldet, m.a. dei dyrevelferdsmessige forholda knytt til tap av husdyr på grunn av freda rovdyr.

Auka løyvingar

I sum gjer Landbruksdepartementet framlegg om å løyve 805 mill.(+ 3,6 pst) kr til tiltak for å sikre at forbrukarane får trygge matvarer av riktig kvalitet. Dette skal skje gjennom eit systematisk kvalitetsarbeid og kontroll i alle ledda i matkjeda. Det blir lagt stor vekt på å ha kunnskap om kva som skjer i dei ulike ledda i kjeda.

Landbruksdepartemnetet vil auke innsatsen knytt til særskilde område på matområdet med 57 mill. kr. Ein legg opp til å utvide overvakings- og kontrollprogamma for sjukdom på småfe (TSE) med 32 mill. kr medan løyvingane til veterinære vaktordningar blir auka med 20 mill. kr. Løyvingane til forskingsbasert kunnskapsutvikling på matområdet blir auka med 5 mill. kr.

Omstillingskostnadene ved etablering av det nye mattilsynet inngår ikkje i dette budsjettframlegget. Ein vil kome attende til dette og andre spørsmål knytt til det nye mattilsynet i ein tilleggsproposisjon seinare i haust. Ein reknar med å løyve om lag 100 mill. kr til dette i 2003.

Landbruksdepartementet gjer framlegg om inntekter frå gebyr og avgifter på i alt 430 mill. kr. Dette svarar til om lag halvparten av utgiftene til matkontroll i budsjettframlegget. Det er budsjettert med ein auke i inntektene på om lag 65 mill. kr i høve til saldert budsjett 2002. Av dette kjem 55 mill. kr frå auka avgifter. Det er ikkje foreslått nye avgifter i budsjettframlegget.