Historisk arkiv

Nytt landskapsvernområde i Geiranger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Geirangerfjorden er eit av dei mest kjende landskapa og eit av dei mest besøkte turistmåla i Noreg. Saman med Herdalen er området i statsråd i dag verna som landskapsvernområde. Det nye verneområdet er saman med Nærøyfjorden ein del av "Vestnorske fjordlandskap" og nominert til å kome på UNESCO si prestisjefylte Verdsarvliste. (08.10.04)

Pressemelding

Dato: 08.10.04

Miljøvernminister Knut Arild Hareide:

- Geiranger – Herdalen nytt landskapsvernområde

Geiranger. Foto: MDGeirangerfjorden er eit av dei mest kjende landskapa og eit av dei mest besøkte turistmåla i Noreg. Saman med Herdalen er området i statsråd i dag verna som landskapsvernområde. Det nye verneområdet er saman med Nærøyfjorden ein del av "Vestnorske fjordlandskap" og nominert til å kome på UNESCO si prestisjefylte Verdsarvliste.

- Med opprettinga av dette verneområdet er det formelle grunnlaget for at fjordområdet kan kome på UNESCO si liste, på plass. Noreg har så langt berre eitt naturområde på verdsarvlista, og eg har stor tru på at dei vestnorske fjordlandskapa kjem på verdsarvlista neste år, seier miljøvernminister Knut Arild Hareide.


Regjeringa har teke omsyn til lokale interesser i verneprosessen, slik at aktivitetar som er der i dag skal kunne halde fram.

- I tillegg er eg trygg på at ein verdsarvstatus vil vere positivt i høve til både reiselivet og anna næringsliv, seier Hareide.

Området er eit av dei mest storslagne i heile verda og blir vitja av om lag ein halv million turistar kvart år. Føremålet med vernet er å ta vare på eit særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv. Geiranger – Herdalen har viktige kulturlandskap, der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. Området er rikt på særmerkte geologiske førekomstar og landskapsformer.

Geirangerfjorden. Foto: DN Mange stader stig dei bratte liene nesten loddrett opp frå fjorden. Dei mange fossane som stuper i fritt fall ned langs fjellsidene er med på å gje landskapet eit sjeldan særpreg.

Inst inne i området finn ein høgfjell med tindar, eggar og brear. Fjelltoppane kneisar meir enn 1850 meter over havet.

Totalt er 498 km 2 > verna. Av dette er 46 km 2> sjøareal. Landskapsvernområdet ligg i Stranda og Norddal kommunar i Møre og Romsdal.

(vedlegga er pdf-filer som krev Acrobat Reader)

Kontaktperson: Rådgivar Geir Paulsen, tlf. 62 53 11 51 / 22 24 48 37

Kart over verneområdet

Kart over området