Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kulturminnemeldinga Leve med kulturminner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Presentasjon

Miljøvernminister Knut Arild Hareide sin presentasjon av kulturminnemeldinga, 25.02.05

Sjå også lysbildepresentasjonen

Kulturminnemeldinga Leve med kulturminner

  • Velkommen til pressekonferanse om kulturminnemeldinga "Leve med kulturminner". For meg markerer dette ein viktig milestolpe. Med meldinga vil vi setje ein ny dagsorden for forvaltninga av kulturarven i landet. Det er og eit historisk augneblink. Det har faktisk ikkje tidlegare vore fremma ei samla politikk for kulturminna. I år er det også 100 år sidan den første kulturminnelova vart vedtatt.
  • Vi er i toppetasjen av ein tidlegare kornsilo på Grünerløkka som no rommar 226 studentbustader. Vi er midt i Akerselva miljøpark. Akerselva miljøpark og kornsiloen er eksemplar på kulturminne og kulturmiljø som for eit par tiår tilbake var i stort forfall og prega av dårleg miljø. I dag er bygningsmassen tatt i bruk på nytt og viktige kulturhistoriske verdiar tatt vare på. Området er svært attraktivt. Dette er eit eksempel for framtida.

Regjeringa fremmer denne meldinga av to hovudgrunnar:

  1. Kulturminne og kulturmiljø er viktige ressursar for kunnskap og oppleving, og dei representerer store materielle verdiar. Vi har mange kulturminne og kulturlandskap i Noreg. Det er derfor viktig med ein nasjonal og framsynt politikk på feltet
  1. Situasjonen for viktige delar av kulturarven er kritisk. Potensialet som ligg i kulturarven blir ikkje teke godt nok i bruk som ressurs. Mange av dei viktigaste kulturminna og kulturmiljøa forfell, blir øydelagt eller fjerna. Tapet akselerer. Om vi ikkje handlar no, vil vesentlige verdiar gå tapt for alltid.
  • For meg og for regjeringa har det derfor vore prioritert å få fram dokumentasjon av den aktuelle situasjonen. Og å leggje fram ein tiltakspakke som svarer på dei utfordringane som vi står overfor. Denne meldinga inneber eit krafttak for kulturminne og kulturmiljø . Leve med kulturminner er ein handlingsplan fram mot 2020. Den skal setjast i gang straks.
  • Målet er at:
    1. kulturminne og kulturmiljø skal framstå som ressursar i ei utvikling for framtida
    2. viktige verdiar skal sikrast, og forfall og tap stansast.

Eg er oppteken av at vi - og kommande generasjonar - skal leve med kulturarven. Vi skal leve av kulturarven.

  • Regjeringa har laga ein 6-punkts handlingsplan som står i kapittel 4-12 i meldinga. Eg skal ikkje ta heile handlingsplanen her, men vil trekke fram det vitigaste:

1. Staten oppfyller forpliktingane. Private eigarar får betre rammevilkår. Fornya fredingspolitikk

  • Noreg har i dag ca. 4 500 bygningar og anlegg som er freda gjennom vedtak etter kulturminnelova. 60 prosent av desse er i privat eige. Hovudansvaret for å ta vare på eigedommane ligg hos eigarane, som gjer ein uvurderleg innsats for å sikre kulturminne. Eigarane har så langt ikkje hatt tilfredsstillande rammevilkår.
  • Situasjonen for mange av kulturminna er kritisk. Sjølv Brygga i Bergen, som er utpeikt til verdsarv, har store setningsskadar. Tømmerfundamenta er til dels i oppløysing og det er vesentlege ròteskadar mot dråpefallet mellom husrekkjene.

Dette vil regjeringa gjere noko med.

  • Regjeringa går inn for at staten skal dekkje ein større del av meirutgiftene i samband med antikvarisk riktig sikring, istandsetjing og vedlikehald av freda og særleg verdifulle kulturminne. Rammene til dette blir auka med 154 millionar kroner. Satsinga blir retta mot freda hus, driftsbygningar og andre typar freda kulturminne i privat eige, stavkyrkjer, ruinar, tekniske og industrielle kulturminne, fartøy, verdsarv, samiske kulturminne og brannsikring. Satsinga omfattar òg sikring og skjøtsel av viktige arkeologiske kulturminne og bergkunst som fortel om livet i landet gjennom 10 000 år.
  • Auke i budsjetta løyser ikkje alle problem. Regjeringa vil og leggje til rette for redusert saksbehandlingstid i fredingssaker og betre dialog mellom vernestyresmaktene og private eigarar. Eksisterande fredingar skal vurderast med sikte på å leggje til rette for bruk, og saker som er i gang skal i hovudsak sluttførast før nye startar.
  • Den fredingslista vi har i dag er ikkje dekkjande for kulturarven. Ei utfordring er å sikre bygningar og miljø som ligg tettare opp til vår eiga tid. Mellom anna har perioden frå 1850 og fram til i dag, og kystkulturen, i for liten grad vore representert på fredingslista.

Kompensasjon av kostnader ved arkeologiske arbeid

  • Kulturminnelova fastset at både private og offentlege tiltakshavarar må dekkje utgiftene til nødvendige registrering og utgraving av arkeologiske kulturminne dersom dei skal setje i gang tiltak som kan komme i konflikt med disse verdiane. Mange private som skal gjennomføre mindre tiltak, som å byggje garasje eller utvide eigen bustad, oppfattar kostnadene som urimeleg tyngande. Regjeringa vil at staten i langt større grad skal dekkje utgifter private har til arkeologiske arbeid i samband med mindre private tiltak. Det er regjeringa sitt mål å auke den årlege budsjettramma med inntil 21 millionar kroner til dette føremålet.

2. Staten tek ansvar

  • Det offentlege eig mange og viktige kulturhistoriske eigedommar. Også offentlege eigarar står overfor utfordringar knytte til bruk og vedlikehald. Regjeringa går inn for ein meir samla politikk for staten sine kulturhistoriske eigedommar. Vi skal ha betre forvaltningsrutinar, landsverneplanar og freding av dei viktigaste eigedommane.
  • Det skal òg leggjast vekt på tilgjenge for publikum og verdiskaping. Oscarsborg vart for eit par år sidan opna for publikum og har vorte eit populært utfluktsmål. Her blir Tryllefløyta framført på tidlegare avstengt militær grunn

3. Kulturminne og kulturmiljø: grunnlag for levande lokalsamfunn og verdiskaping

  • Erfaringar viser at tettstader og område som satsar på verdiane har store vekstpotensial. I Europa er turistnæring basert på kulturarven ei av dei næringane som veks mest.

Program for verdiskaping

  • Regjeringa skal etablere eit program for verdiskaping som skal stimulere til at ressursane som ligg i kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunna og som grunnlag for næringsverksemd. I første omgang vil 10 stader i heile landet i ein fireårsperiode få økonomisk og fagleg støtte til å gjennomføre pilotprosjekt. Desse skal bli eksempel til inspirasjon for heile landet. Både eigarane, næringslivet, andre private og offentlege aktørar, musea og frivillige organisasjonar vil bli inviterte til å ta del i eit slikt samarbeid.
  • Nærare 80 prosent av befolkninga i landet bur langs kysten. Til trass for at kysten har ein unik plass i samfunnsutviklinga, har kystkulturen vore for lågt prioritert i kulturminnepolitikken. Miljø- og fiskeristyresmaktene skal ta ansvar for å utvikle ein langsiktig strategi for kystkulturen. Programmet for verdiskaping skal særleg leggje vekt på kystsona. Det vil og bli lagt økt vekt på sikring av kulturminne og kulturmiljø knytte til liv og verksemd langs kysten.

4. Kulturminne gir kunnskap og oppleving

  • Historia kan blir gjort levande der ho fann stad, her ved eit skulebesøk på Utstein kloster. Regjeringa vil ha særlege satsingar mot born og unge og for kulturarven for dei ulike minoritetsgruppene i det fleirkulturelle Noreg. Den kulturelle skulesekken skal gi skulen eit tilbod om å ta kulturarven i bruk.
  • Mangelfull kunnskap om rehabilitering og gjenbruk av eksisterande bygningar kan føre til at verdiar går tapt og på sikt gi auka kostnader. Regjeringa vil derfor etablere eit Nettverk for kulturhistoriske eigedommar og berekraftig byggforvaltning. Målet er at alle som eig eller gjer arbeid knytt til ein bygning eller eit anlegg med kulturhistoriske verdiar skal ha lett tilgang til kunnskap om verdiane som må takast vare på, materialar, teknikkar og opplysningar om handverk. Kunnskap som konservering av tre er og etterspurt internasjonalt, og Noreg arrangerer internasjonale kurs. Regjeringa vil styrkje høva til utdanning innafor tradisjonelle handverksfag og leggje til rette for at arkitekt- og ingeniørutdanninga kan tilby betre opplæring om istandsetjing og vedlikehald av kulturhistoriske verdiar.

5. Offentleg forvaltning skal vere pådrivar, og samarbeidet med frivillige organisasjonar skal styrkjast

  • Frivillige organisasjonar og eldsjeler gjer ein uvurderleg jobb for forvaltninga av kulturminne, mellom anna gjennom innsatsen sin for kulturminne langs kysten. Regjeringa vil styrkje samarbeidet mellom vernestyresmaktene og frivillige miljø-, kultur- og kulturminneorganisasjonar om gjennomføring av politikken, mellom anna ved å opprette eit idéforum.
  • Meldinga legg opp til at offentleg forvaltning skal vere pådrivarar i den nye kulturminnepolitikken. Betre tilgang til data om kor kulturminna er, dei økonomiske satsingane og eit opplegg for kompetanseheving, er tiltak eg vil trekke fram. Kommunen er utan samanlikning den største forvaltaren av kulturhistoriske verdiar gjennom sitt ansvar etter plan- og bygningslova. Eg tek sikte på å vidareutvikle dette regelverket.

6. Styrking av internasjonalt samarbeid og utviklingssamarbeid

  • Noreg skal engasjere seg sterkare i bevaring av kulturarven gjennom internasjonalt samarbeid, og leggje til rette for auka merksemd om kulturminne innanfor EU/EØS.
  • Erfaringar frå ei rekkje samarbeidsprosjekt med utviklingsland på kulturminneområdet viser at satsingane gir gode resultat, blant anna fordi prosjekta har teke i bruk eigen kunnskap i lokalsamfunna. Regjeringa vil vidareføre desse erfaringane i utviklingssamarbeidet med fattige land. I Kina er fleire bygningar sette i stand med tradisjonelle byggjeteknikkar og materialar og ved bruk av lokal kunnskap om naturen og kulturen. Prosjektet har vore støtta av NORAD og Riksantikvaren. Samarbeidet har medverka til utvikling av lokalsamfunnet og lokal stoltheit, bevaring av miljøverdiar og ny verksemd.

Konklusjon og Avslutning

  • Med meldinga og den nye tiltakspakken følgjer auka statlege løyvingar. Regjeringa har som mål å meir enn doble budsjetta som er i dag. Vi tek sikte på å auke dei årlege budsjettrammene for freda og særleg verdifulle kulturminne med 175 millionar kroner. Regjeringa vil i tillegg etablere eit verdiskapingsprogram. Den mest optimale opptrappinga av budsjetta er over fire år.

I tillegg skal kulturminnefondet gradvis trappast opp.

  • Stortingsmeldinga opnar med følgjande sitat ."Kulturarven er vegvisaren på vegen mot ei ukjent framtid og referansepunktet til fortida. Utan slike rettesnorer blir samfunnet svekt og smuldrar opp". Orda kjem frå Wangari Maathai, vinnar av Nobels fredspris i 2004. Ho peiker her på noko heilt vesentleg: I kulturarven ligg nøkkelen til å forstå kvar vi kjem frå og kven vi er. Maathai har i sitt arbeid med treplanting vist korleis nedarva kunnskap om landskapet kan takast i bruk og vere med å endre levevilkåra for befolkninga. Ingen menneskjer eller samfunn kan klare seg utan slike referansar - det vere seg i Maathais heimland Kenya eller her i Noreg.
  • Framsida av meldinga viser hamnemiljøet i Sogndalstrand i Rogaland. Riksantikvaren har kalla Sogndalstrand for "Kystens Røros". Dei siste åra har eldsjeler i lokalsamfunnet teke initiativ til å setje i stand bygningane og bruke dei som bustader og til næringsformål. Sjølv om starten var konfliktfylt, har fredingsprosessen som er i gang i området vore med å auke kunnskapen om og interessa for dei unike verdiane. Bygningane og det historiske miljøet er i ferd med å bli teke i bruk som utgangspunkt for eit levande og moderne lokalsamfunn. Dette er eit eksempel som syner måla i den nye kulturminnepolitikken.
  • ·
  • Eg avsluttar innlegget her og håper at Leve med kulturminner blir ein viktig plattform for framtida.
Til toppen