Historisk arkiv

Utnemning i Olje- og energidepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 2/03
Dato: 10.01.2003

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Utnemning i Olje- og energidepartementet

I statsråd i dag vart rådgjevar Frode Johansen utnemnd til underdirektør i Olje- og energidepartementet.

Frode Johansen er 39 år. Han har ein Ph.D. frå Northwestern University. Han har vore tilsett i Olje- og energidepartementet sidan 1997, dei siste tre åra som energiråd i Moskva.

Johansen skal gjere teneste som nestleiar av Seksjon for økonomiske analysar i Petroleumsavdelinga.