Historisk arkiv

Forslag om endring i yrkestransportloven: Domstolane skal få rett til å fastsetje tilbakekalling og tap av "køyresetel"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Domstolane skal – i samband med handsaming av straffesaker – få høve til å fastsetje tilbakekalling eller tap av køyresetel, det vil seie retten til å føre buss eller bil i samband med persontransport som skjer mot betaling. Dette er eit av hovudpunkta i eit forslag som blei lagt fram i statsråd i dag. (21.11.03)

Pressemelding

Nr.: 130/03
Dato: 21.11.03

Forslag om endring i yrkestransportloven: Domstolane skal få rett til å fastsetje tilbakekalling og tap av ”køyresetel”

Domstolane skal – i samband med handsaming av straffesaker – få høve til å fastsetje tilbakekalling eller tap av køyresetel, det vil seie retten til å føre buss eller bil i samband med persontransport som skjer mot betaling.

Dette er eit av hovudpunkta i eit forslag som blei lagt fram i statsråd i dag. Forslaget har mellom anna samanheng med at domstolane med verknad frå 1. januar neste år får høve til å gjere vedtak om å ta frå nokon retten til føre førarkortpliktig motorvogn.

Etter dei reglane som gjeld i dag er det politiet som i alle saker gjer vedtak om tilbakekalling eller tap av køyresetel for yrkesmessig persontransport med ”motorvogn”.

Køyresetel – nødvendig for yrkestransport med buss og bil

Ordninga med køyresetel omfattar førarar av drosje, selskapsvogn, turvogn og rutevogn. Førarar av motorvogn som blir nytta i transport for personar som er funksjonshemma, er også omfatta av ordninga, når transporten blir utført mot betaling.

Kravet om køyresetel for førarar av motorvogn i yrkesmessig persontransport kjem i tillegg til krav om nødvendig førarkort for motorvogn.

Politiet skal som før ha ansvar for å handsame søknader om køyresetel, og politiet skal også framleis ha ansvar for å utferde køyresetlar til dei som fyller vilkår som gjeld nødvendig førarkort, helse og vandel. For å få køyresetel for drosje er det somme stader dessutan eit vilkår at førarane har gjennomført ei prøve som viser at dei har tilstrekkeleg kjennskap til løyvedistriktet, såkalla ”kjentmannsprøve”.

Politiet skal framleis ha høve til å gjere vedtak om tilbakekalling eller tap av køyresetel når det gjeld tilfelle som ikkje har årsak i straffbare forhold




Til redaksjonen
For nærmare opplysningar – sjå Ot.prp. nr 17 (2003-2004) Om lov om endringar i lov av 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (domstolbehandling av retten til føre motorvogn ved persontransport mot vederlag).