Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Halsnøysambandet: Anleggsarbeidet skal ta til i 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Det er i statsråd i dag gjort framlegg om utbygging av vegprosjektet riksveg 544 Halsnøysambandet i Kvinnherad kommune i Hordaland. (26.09.03)

Pressemelding

Nr.: 103/03
Dato: 26.09.03

Halsnøysambandet: Anleggsarbeidet skal ta til i 2005

- Utbygginga av Halsnøysambandet vil gi innbyggjarane på Halsnøy ferjefritt vegsamband til resten av Kvinnherad kommune, og fører til at reisetida mellom sentrale delar av Halsnøy og fastlandet blir redusert frå 40-50 minutt til 10-15 minutt. Eit fast vegsamband til Halsnøy vil leggje til rette for eit betre og lettare tilgjengeleg tenestetilbod i kommunen. Pendlarane får kortare reisetid, og arbeidsmarknaden blir utvida. For næringslivet i området vil det nye fastlandsambandet vere med på å styrkje konkurranseevna.

Dette seier samferdselsminister Torild Skogsholm i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om utbygging av vegprosjektet riksveg 544 Halsnøysambandet i Kvinnherad kommune i Hordaland. Prosjektet omfattar ein 4,1 kilometer lang undersjøisk tunnel frå Sunde på fastlandet og over til Halsnøy og ein tilførselsveg på 2,2 kilometer. Etter dei planane som no ligg føre er det lagt opp til at anleggsarbeidet skal ta til i 2005, med sikte på at den nye vegen skal opnast for trafikk i 2008.

Kostnadsoverslaget for prosjektet er 343 millioner kroner (2003-kroner). Av dette beløpet skal 112 millionar dekkjast av løyvingar over statsbudsjettet, 197millionar kroner vil bli finansiert ved innkrevjing av bompengar, medan 34 millionar kroner vil bli dekt ved kommunalt tilskott.

Når Halsnøyprosjektet står ferdig i 2008 vil det noverande ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad (sambandet Skjersholmane – Ranavik – Sunde) bli omgjort til eit pendelsamband mellom Skjersholmane og Ranavik.

Bompengeordninga for Halsnøyprosjektet fører til at det med verknad frå første kvartal 2004 og fram til opninga av den nye vegen i 2008 blir innkrevjing av bompengar i ferjesambandet Skjersholmane – Ranavik - Sunde. Etter av vegen er opna for trafikk vil det så i ein periode på 15 år vere innkrevjing av bompengar i ein bomstasjon på Halsnøy.

Regjeringa vil i samband med statsbudsjettet for 2005 komme nærmare tilbake til anleggsstart for riksveg 544 Halsnøysambandet.



Til redaksjonen
Nærmare opplysningar, med kartskisse – sjå: St.prp nr 84 (2002-2003) Om utbygging av riksveg 544 Halsnøysambandet med delvis bompengefinansiering

Til toppen