Historisk arkiv

Austevollsbrua mellom Huftarøy og Hundvåkøy ferdig i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

- Arbeidet med utbygging av riksvegprosjektet Austevollsbrua, sambandet Huftarøy – Hundvåkøy i Hordaland, kan ta til i løpet av første halvår 2005 og vil vere ferdig i 2008. Dette seier samferdselsminister Torild Skogsholm i samband med at det i statsråd blei gjort framlegg om utbygging og finansiering av riksvegprosjektet. (26.11.04)

Pressemelding

Nr.: 150/11
Dato: 26.11.04

Austevollsbrua mellom Huftarøy og Hundvåkøy ferdig i 2008

- Arbeidet med utbygging av riksvegprosjektet Austevollsbrua, sambandet Huftarøy – Hundvåkøy i Hordaland, kan ta til i løpet av første halvår 2005 og vil vere ferdig i 2008. Utbygginga vil gi fast samband mellom alle øyane i Austevoll kommune med større busetnad, og vil vere viktig for både trafikantar, næringliv og lokalsamfunn. Dei samla byggjekostnadene er rekna til 316 millionar 2004-kroner. Innsparte statlege ferjetilskot og bompengar utgjer ein stor del av finansieringa.

Dette seier samferdselsminister Torild Skogsholm i samband med at det i statsråd i dag blei gjort framlegg om utbygging og finansiering av riksvegprosjektet. Utbygginga av dette prosjektet på riksveg 546 omfattar bygging av om lag 3,8 km ny veg mellom Huftarøy og Hundvåkøy, med tre bruer og to steinfyllingar. Gjennomføringa av prosjektet vil gi ferjefritt samband mellom dei to øyane Huftarøy og Hundvåkøy.

Utbygginga fører til at ferjesambandet Krokeide-Hufthamar-Austevollshella blir omgjort til eit pendelsamband mellom Krokeide i Bergen kommune og Hufthamar i Austevoll kommune.

Finansieringsopplegg

Dei samla kostnadene for Austevollsbrua er 316 millionar kroner. Reknar ein med kapitalkostnader knytt til forskottering er dei samla kostnadene 430 millionar kroner. 190 millionar blir dekt av bompengar, medan resten vil bli finansiert ved kombinasjon av ordinære statlege løyvingar, lokale tilskot og midlar gjennom ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot.

Lokal oppslutnad

- Framlegget frå regjeringa er i tråd med ønske og synspunkt som er kome fram på lokalt hald. Med det finansieringsopplegget det er tatt sikte på, vil prosjektet kunne bli gjennomført raskare enn det som elles ville vere mogeleg, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.



Til redaksjonen
For meir informasjon sjå:

Kartskisse (pdf)

St.prp. nr. 30 (2004-2005) Om utbygging og finansiering av riksveg 546 Austevollsbrua (sambandet Huftarøy – Hundvåkøy) i Hordaland