Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2004: Løyvingar til riksvegar skal auke med vel 75 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at løyvinga over 2004-budsjettet til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar skal aukast med 75,6 millionar kroner. (12.11.04)

Pressemelding

Nr.: 142/04
Dato: 12.11.04

Statsbudsjettet 2004: Løyvingar til riksvegar skal auke med vel 75 millionar kroner

- Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at løyvinga over 2004-budsjettet til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar skal aukast med 75,6 millionar kroner. Midlane vil i all hovudsak bli brukt til legging av asfalt på riksvegnettet, opplyser samferdselsminister Torild Skogsholm.

Denne auken har samanheng med at det til budsjettposten for trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar er ført tilbake midlar som kjem frå eit erstatningsbeløp som Ofotens og Vesteraalens Dampskipbsselskab ASA (OVDS) nyleg har betalt til staten.

OVDS blei i ein dom i Salten tingrett i august i år dømt for grovt bedrageri mot staten etter straffelova. Dommen gjeld for mykje utbetalt statleg tilskot til riksvegferjedrifta for åra 1995-2002. I tillegg er det inngått ein avtale med OVDS om erstatning for åra 1992-94.

Til redaksjonen

For fleire opplysningar – sjå: St.prp. nr 11(2004-2005) Om endring av løyvingar m.v. for 2004 på Samferdselsdepartementets område