Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2005: Post og tele: Auka konkurranse - og gode tenester i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 123/04
Dato: 06.10.04

Statsbudsjettet 2005:

Post og tele: Auka konkurranse – og gode tenester i heile landet!

For post- og telekommunikasjonar er det gjort framlegg om å løyve i alt 544,7 millionar kroner for 2005. Av dette skal 326 millionar kroner gå til statleg kjøp av posttenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame, medan 218,7 millionar kroner går til Post- og teletilsynet.

Kjøp av posttenester

Staten kjøper tenester frå Posten Noreg AS for å sikre heile landet tilgang til grunnleggjande posttenester. Dette er tenester som det ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt for Posten å drive. For 2005 er det foreslått 326 millionar kroner til statleg kjøp av posttenester. Dette er om lag same nivå som i 2004.

Store delar av denne løyvinga går til å dekkje kostnader Posten har i område der det ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt å dele ut post seks dagar kvar veke. Løyvinga dekkjer også meirkostnader som er knytte til posttenester på Svalbard. Midlane gjer òg at dagens ordning med landpostteneste kan oppretthaldast, og at alle poststader framleis skal ha tenester for rekommandert post og verdisendingar. Midlane sikrar dessutan at framsending av blindeskriftsendingar framleis skal vere gratis.

Auka konkurranse på postmarknaden frå 2007

I budsjettforslaget blir det vist til at Samferdselsdepartementet i mai 2004 sende på høring eit forslag om å avvikle Postens gjenverande einerett, med verknad frå 1. januar 2007.

- Eg legg til grunn at vi også i framtida skal ha postombering seks dagar i veka i heile landet, og at portoen for vanlege brev frå husstandane skal vere lik for alle, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Posten sin einerett omfattar i dag berre adressert brevpost med vekt inntil 100 gram og med pris inntil tre gonger grunntaksten for eit brev i første vektklasse (18 kroner). Frå 1. januar 2006 vil eineretten omfatte adressert brevpost med vekt inntil 50 gram og med pris to og ein halv gonger grunntaksten. For sendingar frå Noreg til utlandet blei marknaden opna fullt ut for konkurranse frå 1. juli 2003.

Auka konkurranse og etter kvart ei avvikling av gjenverande einerett for Posten Noreg vil vere med på å gi publikum og næringsliv eit større og betre tilbod av posttenester til lågare pris. For å sikre eit godt og likeverdig tenestetilbod over heile landet vil det framleis bli stilt strenge krav til tenestetilbod, til at tenestene skal vere tilgjengelege og til framsendingstida, går det fram av ei orientering som er tatt inn i budsjettforslaget.

Samferdselsdepartementet tar sikte på å leggje fram saka for Stortinget i form av ein stortingsproposisjon i løpet av hausten 2004.

Utbytte frå Posten Noreg AS

Det er gjort framlegg om eit utbytte frå Posten Noreg på 466,4 millionar kroner, noko som tilsvarer om lag 74 prosent av det resultatet som er venta for Posten i 2005. Utbyttet frå Posten i 2004 var på 241 millionar kroner.

Post- og teletilsynet

For Post- og teletilsynet er det gjort framlegg om eit utgiftsbudsjett på 218,7 millionar kroner, ein auke på 28,3 millionar kroner eller nær 15 prosent samanlikna med 2004. Auken heng i hovudsak saman med kostnader i samband med at tilsynet skal flytte til Lillesand i Aust-Agder. Post- og teletilsynet skal vere etablert i Lillesand frå 31. desember 2006.

- Regjeringa ønskjer å legge til rette for at heile landet skal ha gode og rimelege teletenester. Verksam konkurranse i telemarknaden har gitt brukarane lågare prisar og fleire alternativ å velje mellom – særleg på mobilmarknaden. Bruken av mobile teletenester i Noreg aukar stadig, samstundes som prisane fell. Ei viktig oppgåve framover blir å sjå til at konkurransen blir verksam på fleire område i marknaden for elektronisk kommunikasjon, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Til toppen