Historisk arkiv

Luftfartstilsynet frå Oslo til Bodø: Flytteprosessen inne på eit godt spor!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Regjeringa la i dag fram ei stortingsmelding om flyttinga av Luftfartstilsynet til Bodø. (22.04.05)

Pressemelding

Nr.: 39/05
Dato: 22.04.05

Luftfartstilsynet frå Oslo til Bodø: Flytteprosessen inne på eit godt spor!

- Luftfartstilsynet skal vere på plass Bodø innan 1. januar 2007. Eg er glad for at flytteprosessen nå er inne på eit godt spor, seier samferdselsminister Torild Skogsholm i samband med at regjeringa i dag la fram ei stortingsmelding om flyttinga av Luftfartstilsynet til Bodø.

Meldinga gir ei orientering om situasjonen i Luftfartstilsynet og flytteprosessen, frå stortingsvedtaket i juni 2003 og fram til utgangen av 2004. Hovudinnhaldet i meldinga er eit oversyn av planlagde og gjennomførte tiltak i det siste – for å sikre betre framdrift i flyttinga av tilsynet til Bodø.

Til redaksjonen:

Sjå meir informasjon i St.mld. nr. 32 (2004-2005) Om flytting av Luftfartstilsynet til Bodø