Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Foreslår å auke grunnpensjonen til gifte og sambuande pensjonister

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Sosialdepartementet

Sosialdepartementet legg i dag fram ein lovproposisjon der ein foreslår å auke grunnpensjonen for gifte og sambuande pensjonistar frå 1. mai 2003 (04.04.03).

Pressemelding

Nr.: 16
Dato: 04.04.03

Regjeringa foreslår å auke grunnpensjonen til gifte og sambuande pensjonistar.

Sosialdepartementet legg i dag fram ein lovproposisjon der ein foreslår å auke grunnpensjonen for gifte og sambuande pensjonistar frå 1. mai 2003. Endringa betyr at grunnpensjonen for gifte og sambuande aukar frå dagens 75 prosent av folketrygdas grunnbeløp (G) til 80 prosent av G.

For eit pensjonistektepar gir det med dagens grunnbeløp ein samla pensjonsauke på
5 417 kroner per år. Pensjonistane vil få auken etterbetalt samstundes med den vanlege pensjonsauken, frå mai.

Forslaget følgjer opp budsjettforliket mellom regjeringspartia og Fremskrittspartiet, der dei vart samde om å trappe opp den samla grunnpensjonen for ektepar og sambuande frå 1,5 G til 1,6 G i 2003, til 1,65 G i 2004 og til 1,7 G i 2005.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Tomas Berg, tlf. 22 24 86 27

Til toppen