Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Norge gir 350 millionar til Afghanistan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utenriksdepartementet

- Det er viktig at vi nå viser vilje til å støtte det nye styret i Afghanistan og hjelpe det afghanske folket til å byggje opp att det krigsherja landet sitt, seier utanriksministeren.

Pressemelding

Nr.: 13/02
Dato: 21.01.2002

Norge gir 350 millionar kroner til Afghanistan

Utanriksminister Jan Petersen kunngjorde på den internasjonale givarkonferansen i Tokyo at Norge vil gi 350 millionar kr. i år til Afghanistan. "Det er viktig at vi nå viser vilje til å støtte det nye styret i Afghanistan og hjelpe det afghanske folket til å byggje opp att det krigsherja landet sitt," seier utanriksministeren.

Som formann for Støttegruppa for Afghanistan (ASG) la utanriksministeren i innlegget sitt vekt på givarlanda sitt ønske om eit nært samarbeid med den afghanske overgangsregjeringa og støtta til FN-apparatet sitt arbeid, leia av spesialutsending Brahimi. Resultata av den internasjonale hjelpeinnsatsen er avhengig av at den politiske prosessen for nasjonal forsoning lykkast.

Utanriksminister Petersen understreka kor viktig det er at afghanarane sjølve avgjer prioriteringane i bruken av ressursane som det internasjonale samfunnet stiller til rådvelde. Gjenoppbygginga av Afghanistan er først og fremst afghanarane sjølve sitt ansvar. Internasjonal hjelp er nødvendig, men afghanarane må ha eigarskap til gjenoppbygginga og må ikkje bli overkøyrde av overivrige hjelparar som ikkje tar nok omsyn til dei afghanske realitetane.

Jan Petersen gjorde det også klart at det internasjonale samfunnet ventar framgang i menneskerettssituasjonen i Afghanistan, ikkje minst betring av kvinnene si stilling. Konflikter må løysast og utfordringar møtast med fredelege og demokratiske midlar.

Med det framleis utilstrekkelege administrasjonsapparatet i Afghanistan og dei mange givarlanda og internasjonale organisasjonane som er engasjerte i hjelpearbeidet, blir samordningsoppgåvene svært viktige. Det er ikkje berre spørsmål om best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar, men også om å gjere det mogleg for afghanske styresmakter å ha oversikt og kontroll over det som blir gjort i deira eige land.

Petersen viste til det fleksible samordningsforumet som ASG utgjer, og lovde å arbeide for å føre dei gode samordningsrutinane vidare nå som hovudtyngda av arbeidet flyttar seg frå Islamabad til Kabul. Han kom samstundes med ei sterk oppmoding til dei mange internasjonale hjelpeorganisasjonane om å betre samordninga seg imellom.

Til toppen