Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Føresegn om særlege tiltak mot Zimbabwe

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Føresegna er vedteke med heimel i lov av 27. juni 2003 nr. 58 om særlige tiltak mot Republikken Zimbabwe (15.08.03)

Pressemelding

Nr.: 142/03
Dato: 15.08.2003

Føresegn om særlege tiltak mot Zimbabwe

Regjeringa har i dag vedteke ei føresegn om særlege tiltak mot Republikken Zimbabwe.

Føresegna er vedteke med heimel i lov av 27. juni 2003 nr. 58 om særlige tiltak mot Republikken Zimbabwe.

Samstundes som Regjeringa iverkset målretta tiltak mot Mugabe-regimet, slik mange andre land alt har gjort, har Noreg oppfordra Zimbabwes naboland, særleg Sør-Afrika, til å trappe opp si innsats for dialog mellom regjering og opposisjon i Zimbabwe med sikte på å finne ei forhandlingsløysing som kan sikre demokrati og menneskerettar i landet.

Utanriksdepartementet kan oppheve føresegna dersom situasjonen i Zimbabwe endrar seg til det betre og partane finn fram til ei forhandlingsløysing.

Føresegna inneheld

  • forbod mot eksport av våpen eller tilknytta materiell, og formidling til Zimbabwe av teknisk hjelp eller opplæring knytta til slikt materiell
  • forbod mot eksport av utstyr som kan nyttas til nasjonal undertrykking
  • forbod mot innreise til eller transitt gjennom Noreg for personar knytta til Mugabe-regimet
  • påbod om frysing av formuesgode som høyrer til desse personane, og forbod mot å stille formuesgode til rådvelde for dei.

Brot på føresegna kan føre med seg straff.

Føresegna tek til å gjelde straks, og vil om kort til vere tilgjengeleg på www.lovdata.no.

Til toppen