Historisk arkiv

Noreg gjev Indonesia betalingsutsetjing på 82 mill. kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Avtalen gjev Indonesia utsetjing på alle renter og avdrag som skulle ha vore betalte i 2002 og på alle avdrag og halvparten av rentene i 2003. (13.06.03)

Pressemelding

Nr.: 117/03
Dato: 13.06.2003

Noreg gjev Indonesia betalingsutsetjing på 82 mill. kroner

Regjeringa har i dag vedteke å gje Indonesia betalingsutsetjing på om lag 82 mill. kroner. Dei utsette beløpa er renter og avdrag på Indonesia si statlege gjeld til Noreg.

Avtalen gjev Indonesia utsetjing på alle renter og avdrag som skulle ha vore betalte i 2002 og på alle avdrag og halvparten av rentene i 2003. Tilbakebetalinga av dei utsette beløpa skal skje over 18 år, med 5 års avdragsfritak.

Avtalen byggjer på ein multilateral rammeavtale inngått i Parisklubben i april 2002, men ferdigstilt først i mars 2003. Parisklubbavtalen kom i stand etter at Indonesia i januar 2002 fekk forlengt programavtalen sin med Det internasjonale valutafondet (IMF) til slutten av 2003.

Avtalen inneber inga gjelsslette, slik dei fattigaste landa gjerne får. Det er ikkje venta at Indonesia vil ha behov for ytterlegare betalingsutsetjingar.