Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Oppheving av FN-sanksjonane mot Libya

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har i dag vedteke å oppheve føresegna av 10. april 1992 nr. 213 om sanksjonar mot Libya. (26.09.03)

Pressemelding

Nr.: 163/03
Dato: 26.09.2003

Oppheving av FN-sanksjonane mot Libya

Regjeringa har i dag vedteke å oppheve føresegna av 10. april 1992 nr. 213 om sanksjonar mot Libya. Bakgrunnen er resolusjon nr. 1506 som vart vedteken av FNs Tryggingsråd 12. september 2003, og som opphevar sanksjonsregimet mot landet. Resolusjonen er vedteken med heimel i kapittel VII i FN-pakta, og er folkerettsleg bindande for alle FN sine medlemsland.

Grunngjevinga for vedtaket er at Libya nå vert rekna for å ha oppfylt krava til FN ved at landet har påteke seg ansvaret for handlingane til libyske tenestemenn i samanheng med flyulukka over Lockerbie i Skottland i 1988 og bombeattentatet mot eit fransk fly, UTA 772, over Niger i 1989, samt å betale ei høveleg skadebot, å gje avkall på terrorisme og å forplikte seg til å samarbeide ved eventuelle ytterlegare oppmodingar om opplysningar i samanheng med etterforskinga.

Sanksjonane, som vart innførde ved vedtakinga av resolusjonane 748 (1992) og 882 (1993), har omfatta ein finansiell boikott, ein generell luftfartsblokade og forbod mot einkvan forsyning av våpen eller anna militært utstyr, samt nærare spesifisert utstyr som kan brukast til framstilling, lagring eller transport av råolje eller naturgass.

Sanksjonane mot Libya har vore førebels oppheva sidan april 1999 på grunn av libysk samarbeid om straffeforfølging av Lockerbie-ulukka, samt at krava til franske myndigheiter i samanheng med bombeattentatet mot UTA 772 vert rekna for tilfredsstilt.

Tryggingsrådet har no vedteke at Libya har etterlevd dei andre krava til FN for varig oppheving.

Til toppen