Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Regjeringa legg fram stortingsmelding om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2002

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Stortingsmeldinga gjer mellom anna greie for aktiviteten på eksportkontroll- og ikkje-spreiingsområdet. (15.05.03)

Pressemelding

Nr.: 87/03
Dato: 15.05.2003

Regjeringa legg fram stortingsmelding om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2002

Regjeringa vedtok i Statsråd i dag å leggje fram ei stortingsmelding om eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i 2002, samt om eksportkontroll og det internasjonale ikkje-spreiingssamarbeidet.

Den samla verdien av eksporten av forsvarsmateriell, medrekna tenester og reparasjonar av tidligare levert utstyr, var i 2002 omlag 2.3 milliardar kroner. I 2001 var verdien nærare 1.7 milliarder kroner. Auka i 2002 kan forklårast med auka eksport til Australia, Canada, Hellas, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige og USA. Norsk forsvarsindustri produserar i liten grad komplette våpensystemer. Komponentar, delar, elektronisk utstyr og sprengstoff representerer størstedelen av eksporten. Tilsaman rapporterte 30 bedrifter om utførsle i 2002.

Stortingsmeldinga gjer og greie for aktiviteten på eksportkontroll- og ikkje-spreiingsområdet. Desse spørsmåla har fått auka merksemd etter terroranslaga mot amerikanske mål 11. september 2001, og det internasjonale samvirke er intensivert. Eksporten av sensitive fleirbruksvarer, dvs. sivile produkt som og kan brukast for utvikling av masseøydeleggelsesvåpen, har fått større aktualitet i lys av terrortrugsmålet.

Til toppen