Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Underteikning av FN-konvensjonen mot korrupsjon av 31. oktober 2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Underteikning av konvensjonen vil finne stad på ein konferanse på høgt politisk nivå i Merida, Mexico, 9-11.12.03. (28.11.03)

Pressemelding

Nr.: 201/03
Dato: 28.11.2003

Underteikning av FN-konvensjonen mot korrupsjon av 31. oktober 2003

FN-konvensjonen mot korrupsjon vart vedteken av Generalforsamlinga i FN 31. oktober 2003. Underteikning av konvensjonen vil finne stad på ein konferanse på høgt politisk nivå i Merida, Mexico, 9-11. desember 2003, der den norske delegasjonen blir leia av statssekretær Jørn Holme i Justisdepartementet. Konvensjonen er den første globale konvensjonen retta særskilt mot korrupsjon. Han regulerer nye område, og går lenger på enkelte punkt enn eksisterande avtaler.

Konvensjonen inneheld ei rekkje føresegner om preventive tiltak som skal hindre at korrupsjon skjer, blant anna krav til reglar om offentlege innkjøp, regelverk for tilsetjing og offentleg innsyn i forvaltninga. Tiltak i privat sektor gjeld blant anna krav til meldeplikt for bankar ved mistenkelege transaksjonar . Statane blir pålagde å kriminalisere ei rekkje handlingar gjort av offentlege tenestemenn, både aktiv og passiv muting, det vil seie at både den som mutar og den som tek imot mutingar, vert omfatta.

Vidare har konvensjonen føresegner om etterforsking og internasjonalt samarbeid, og føresegner om tilbakeføring av midlar som kjem frå korrupsjon. Han har også ei rekkje praktiske føresegner som skal førebyggje, oppdage og hindre ulovlege pengestraumar og kvitvasking .

Konvensjonen vil tre i kraft tre månader etter at 30 statar har slutta seg til. Noreg tek sikte på å vere blant dei første som ratifiserer konvensjonen.

Til toppen