Historisk arkiv

Regjeringa vedtek gjeldssletting for D.R. Kongo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Regjeringa vedtek 28 mai å slette 166 millionar kroner av Den demokratiske republikken Kongo si gjeld til Noreg. (28.05)

Pressemelding

Nr.: 64/04
Dato: 28.05.2005

Regjeringa vedtek gjeldssletting for D.R. Kongo

Regjeringa har i dag vedteke å slette 166 millionar kroner av Den demokratiske republikken Kongo si gjeld til Noreg.

Avtalen byggjer på to multilaterale rammeavtaler som er inngått i Parisklubben – kreditorlanda sitt felles forum – i september 2002 og november 2003. Ved sist nemnde høve vedtok Parisklubben å gje D.R. Kongo gjeldslette under det internasjonale gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldsramma landa, det såkalla HIPC-initiativet.

I tråd med Handlingsplan om gjeldslette for utvikling vert gjelda sletta utan at noko budsjett vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over annan bistand til fattige land, men kjem i tillegg til denne.

Etter dette har D.R. Kongo ei attverande gjeld til Noreg på 122 millionar kroner. Denne restgjelda vil verte sletta når landet har fullført HIPC-handsaminga si, vonleg i 2006.