Historisk arkiv

Regjeringa vedtek sletting av gjeld for Ghana

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Regjeringa har i dag vedteke å slette heile Ghana si restgjeld til Noreg på 8 millionar kroner. (07.01)

Pressemelding

Nr.: 04/05
Dato: 07.01.2004

Regjeringa vedtek sletting av gjeld for Ghana

Regjeringa har i dag vedteke å slette heile Ghana si restgjeld til Noreg på 8 millionar kroner.

Avtalen byggjer på to multilaterale rammeavtalar som vart inngådde i Parisklubben, fellesforumet for kreditorlanda, i mai 2002 og juli 2004. Ved det førstnemnde høvet vedtok Parisklubben å gje Ghana gjeldslette under det internasjonale gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldsramma landa, det såkalla HIPC-initiativet. Ghana har fullført HIPC-handsaminga, og difor vert restgjelda sletta.

I tråd med Handlingsplan om gjeldslette for utvikling vert gjelda sletta utan at det er naudsynt å løyve midler til det. Slettinga av gjelda går difor ikkje ut over annan bistand til fattige land, men kjem i tillegg til denne.