Historisk arkiv

Kvalitet i utdanning og forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 111-02
Dato: 03.10.02

Kvalitet i utdanning og forsking

Utdannings- og forskingsdepartementets framlegg til budsjett for 2003 er på 49,6 milliardar kroner. Sett bort frå lånetransaksjonar er det ein auke på om lag 10,9 prosent i høve til saldert budsjett for 2002.

Korrigert for tekniske justeringar i budsjettet, som til dømes overføring av budsjettpostar mellom ulike departement, er auken på 8,7 prosent.

Dette er dei viktigaste framlegga i budsjettforslaget:

  • Meir midlar til Kvalitetsreforma i den høgare utdanninga. Universitets- og høgskulesektoren får ei samla løyving til Kvalitetsreforma på 510 millionar kroner, som er ein auke på 220 millionar i forhold til 2002. Løyvinga til forsking i universitets- og høgskulesektoren blir styrkt med 187 millionar kroner utover dei 350 millionane som blei løyvde i 2002.
  • Meir til dei private høgskulane. Løyvinga til dei private høgskulane blir auka med om lag 30 millionar kroner. Styrkinga skal gå til nye rekrutteringsstillingar, forskingsmidlar i det nye finansieringssystemet, styrking av undervisningsfinansieringa og gjennomføring av Kvalitetsreforma.
  • Auka satsing på kvalitet i norsk forsking. Løyvinga til langsiktig grunnleggjande forsking gjennom Noregs forskingsråd blir styrkt med vel 425 millionar kroner. Midlane skal mellom anna gå til dei 13 nye sentra for framifrå forsking, ei ny satsing på framifrå unge forskarar og vitskapleg utstyr. Regjeringa legg òg fram forslag til ny organisering av Noregs forskingsråd.
  • Den samla satsinga på forsking i heile statsbudsjettet blir om lag 12,3 milliardar kroner, ein auke på om lag 640 millionar kroner i høve til 2002. I tillegg kjem ei skattelette på om lag 400 millionar kroner som følgje av at ordninga med skattefrådrag for FoU-investeringar blir utvida til å omfatte alle verksemder. Kapitalen i Forskingsfondet blir auka med tre milliardar kroner i 2003. Det gir ein auke i avkastinga på om lag 180 millionar kroner i 2004.
  • Satsing på kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Det blir løyvd om lag 380 millionar kroner til kvalitetsfremjande tiltak i grunnopplæringa. Betre opplæring i basisfaga, kompetanseutvikling for lærarar, utviding av ordninga med bonus- og demonstrasjonsskular og tiltak mot uro og problemframferd i skulen er prioriterte tiltak i satsinga.
  • Ny støtteordning for elevar i vidaregåande opplæring. Det blir løyvd 50 millionar kroner ekstra til ei ny støtteordning for unge elevar i vidaregåande opplæring. Ordninga inneber ei ny og meir målretta stipendordning, der ein legg vekt på omsynet til familiar med svak økonomi. Ordninga skal òg omfatte eit stipend til læremiddel.
  • Som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak om å endre studiefinansieringa, med verknad frå 1. november 2002, kjem løyvingane til studiefinansiering samla til å auke med om lag 900 millionar kroner på årsbasis.

Budsjettforslag etter kategori

Kat.

Område

Løyve 2003

Av dette lånetransaksjonar

07.10

Administrasjon

414 344 000

07.20

Grunnskule og vidaregåande opplæring

2 537 673 000

07.40

Andre tiltak i utdanninga

2 822 882 000

07.50

Vaksenopplæring, folkehøgskular og fagskuleutdanning

1 665 134 000

07.60

Høgare utdanning

17 268 537 000

5 208 000

07.70

Forsking

5 319 197 000

3 000 000 000

07.80

Utdanningsfinansiering

19 582 575 000

9 921 000 000

Sum

49 610 342 000

12 926 208 000